Eg kunne gitt ein seksar for Paal-Helge Haugens tekst aleine

Domkyrkja var fullsett under framføringa av Joseph Haydns oratorium "Skapinga".

Sjølv om terningar ikkje er så viktige, og sjeldan kan seia nok, kan den likevel få sagt at her, i sundagens versjon av "skapinga" har alt kome saman, løfta seg, og fått eige liv.

Lyst

Joseph Haydns oratorium Skapinga er gammalt, han skreiv det på 1790-talet. Det er lyst og lett og lite pine, det er til Guds pris, skaparverkets pris, kjærleikens pris.

Det er optimistisk, det peikar på underleg vis framover. Underleg, fordi det blei skrive i ei brytningstid, der også Haydn er gammal og held seg til Gud, mens fornufta, vitskapen og trua på at mennesket kan klara seg sjølv er i ferd med å bryta gjennom rundt han. Verket hans blei brukt i fleire land til begeistra nasjonsbygging og heltefeiring, det gjekk på tysk, engelsk, fransk, russisk, tsjekkisk, italiensk, dansk og svensk. Tekstane er delvis bibelske, delvis henta frå 1600-tals diktaren John Milton, og først satt saman av ein ukjent ,engelsk diktar.

Uendeleg musikalsk tekst

I 2014 kunne vi for første gong høyra teksten på nynorsk. I Paal-Helge Haugen si gjendikting. Den syng. Les dette høgt for deg sjølv, og høyr korleis vokalane leikar seg: "Så vakkert allting er, så grønt og nytt og friskt der bakkar bølgjar seg." Ein treng vokalar, skal ein prisa nokon som helst i song. Og skal du få fart på ting, fortelja, men koma deg vidare, kan konsonantane hjelpa når dei blir satt saman som dette: "Det skal myldre og vrimle av levande vesen i vatnet".

Solistane som fekk syngja fram dette i Domkyrkja sundag kveld, er alle strålande songarar. Her er dei englar, Uriel, Rafael og Gabriel. Så er det nok Gabriels lyse sopran, i Berit Norbakken Solset si framføring, som gjer aller størst inntrykk. Haydn må ha skrive for ei stemme som hennar, jo lysare den skal, jo vakrare klang. Det er sjeldan.

Det Norske Solistkor har i årevis vore vårt fremste kor. Dei 26 stemmene kan alle vera solistar, som kor kan dei som ingen andre leggja seg opp til solistanes eigen toneklang.

Malande musikk

Haydn bruker heile tida musikken til å mala fram teksten. Og sjølv om vi er aldri så gode i engelsk, blir effekten ein heilt annan når teksten er på vårt eige språk. Augneblinken då det blir lys, er like overveldande som den krev å få vera. Når tigeren smidig smyg seg omkring, smyg også musikken, når ormen glir fram i graset, glir strykarane på tonen. På grøne enger lagar fløyta idyll, når kyrne beitar fram i flokk, blir fagotten med for å laga flokk. Og når marka også ber dei store dyr, legg fagotten på alt han har, så du verkeleg skjønar at nå snakkar vi stort.

Men når Herren snur sitt åsyn bort og alt det skapte frys og skjelv og mister pust og liv, held også strykarane pusten, bare korte strok slepp ut.

Koret lovar herren, Adam og Eva har sin kjærleiksduett: "Du min make, ved di side finn eg ro og sjelebot."

I Paal-Helge Haugens norsk, kjem heile verket oss mykje nærmare.

Og engelen Uriels åtvaring til dei to kjennes gyldig, uansett tru og hundreår. Kanskje meir i vårt, enn i Haydns:

"Så sæle dei skal bli om dei står mot den falske glans og ikkje tek meir enn dei treng, men held seg frå det som gjer mein".

Så bryt dei ut i lovsong. Under dirigent Grete Pedersens sikre leiing blir det spelt, sunge og lovprist på lett, presist og stilsikkert vis. I alle ledd. Med eit par små, uvesentlege skjønheitsfeil.

Draumen

Ein kan få drøyma seg vekk i denne Haydn. Bli minna på kor vakkert det kan vera der ute, med grøne enger, fuglar som leikar, og menneske med sinn og sans og kjærleik. Og dela ei lys gudstru, eit vemodig minne om ei gudstru, eller ein kjærleik til Jorda slik den ein gong var.