Mozart og Bach. Det blir elegant, lettbeint, gjennomsiktig, det er alle tonar framme samtidig, ikkje ein av dei kan du mista, om dei er aldri så mange. Hos Mozart er det lette aldri bare lett. Hos Bach? Eg ser for meg Bach som ein hardt arbeidande protestant, som priste sin Gud gjennom den daglege donten han aldri tok lett på, som gjorde si plikt og nesten ikkje la merke til at det blei guddommeleg vakker musikk ut av arbeidet han. sjølv i den lettaste sundagsmorgon-musikken hans, pulserer eit ærleg arbeidande alvor.
Brandenburgkonsertane hans høyrer tidlege sundagar til. Og særleg den fjerde, særleg den dei spelte på konserten i Domkyrkja onsdag kveld. Med to blokkbløyter og fiolin i føringa, med strykarar rundt og bak og under. Med barokt komp, cello og cembalo.
Les også:
Dei satte ut i eit forrykande tempo, det er fiolinisten Karen Gomyo som suverent fører an, leikande, rytmisk, bestemt, og til sidemannen, blokkfløytisten Dan Laurins tydelege begeistring. Lett og elegant følgjer dei to blokkfløytistane, han og Caroline Eidsten Dahl, den fantastiske Gomyo. Om dei enn forsvinn litt i strykarklangen dei er omgitte av. Det blir sjølvsagt ein fest å høyra på. Ein litt uregjerleg ein, for det hender at kompet og deler av ensemblet 1B1 ikkje heng like glasklart med i det friske tempoet, særleg i den første satsen, før dei sjølv får satt tempoet og henta seg inn i andresatsen. Så blir det ikkje heilt så klart heile tida, ikkje heilt så perlande mange stemmer å høyra på ein gong som Bach inviterer til, det høge tempoet til den glitrande trioen i fremste rekke, får dei andres tonar til å flyta litt ut lenger der bak. Det gjorde ikkje så mye. Men eg skulle gjerne hatt endå meir overlegen begeistring og nesten frie stemmer på kryss og tvers gjennom heile ensemblet.
Karen Gomyo hadde vi alt møtt, før all denne protestantiske sundagsfryden, saman med kammersjef og pianist Christian Ihle Hadland. I ei enkel fiolinsonate av Mozart. Enkel å høyra på. Eit langsomt tema. Ei variasjonsrekke etterpå. Og høyrer du riktig godt etter, høyrer du at det syngjande temaet nesten ikkje er ein melodi eingong. Slikt er det bare Mozart som gjer. Det er fnugglett spelt av dei to, dei vekslar på å vera oppe og briljera, i variasjonen med alle tonane dryssa inn i temaet, Eller i den mollstemte, neddempa. Før det er slutt.
Les også:
På heilt sjølvsagt, upretensiøst vis. Dei kledde kvarandre, Ihlde Hadland, Gomyo og Mozart. I suveren og lettspelt eleganse.
Men det skulle enda i lengsel etter døden. Hos Bach, i kantata skriven til ein sundag etter pinse. "Komm, du süsse Todesstunde" syng alten med inderleg overbevising. "Kom, du søte dødens time." Mens bitar av koralen vi kjenner som "Velt alle dine veie," syng i bakgrunnen. Det er dei same musikarane som nettopp spelte Brandenbrugkonserten, men denne gongen med vokalensemblet Ars Nova Copenhagen, og under leiing av dirigenten deira, Paul Hillier. Så blir denne Bach-versjonen klarare, så lever det i alle stemmer samtidig, om det er døden dei aldri så mye syng fram i håp. Det er meir disiplinert rytmisk. Dirigentens faste grep gir meir liv i alle linjer.
Og mellom dei to Bachverka, ein liten genistrek i programmet. Damien Bassmans slagverksolo. Med bjøller, trommer, rasling og rytme nesten over i jazzen, utvida den rommet litt. Og ga dei to Bachverka plass nok rundt seg. Slik eit lite innlegg utanfrå kan gjera det. Det var klokt gjort.
Les også: