Eg legg på ingen måte skjul på at eg ikkje var samd i Torfinn si anmelding av Sherlock sesong 1. Der, då var det sagt.
Sherlock og Watson er attende, og held fram i sporet dei slutta av med i sesong 1. Dette er ei modernisering av Sherlock, satt til dagens London.
Der dei opprinnelege Holmes-bøkene var dagbøker skrivne av Watson, følgjer me no livet rundt Watson sin terapautiske blogg, som han skriv om deiras eventyr.
Sherlock er ein britisk miniserie, med tre halvannatimeslange episodar. Som i første sesong er desse meir eller mindre basert på klassiske Sherlock-historier, og er fylt med nok tilbakekall til bøkene til at fans kan nikke gjenkjennande.
Andre episode er den svakaste, ikkje ulikt første sesong. Det kan verke som om manusforfattar Steven Moffat har følt seg tvungen til å ta med Hunden i Baskerville fordi det er ei av dei mest kjende Sherlock-historiene, men blandinga av den høgst rasjonelle Sherlock og dei overnaturlege elementa til den påståtte demonhunden fanga ikkje meg på same måte som dei andre to (som omhandlar eit rojal skandale, og endå eit oppgjer med Sherlocks erkefiende og «likemann»).
Den andre episoden er på ingen måte dårleg TV, men målt opp mot dei resterande episodane tapar det seg litt. Dette er nemleg noko av det betre eg har sett på TV nokon sinne.
Martin Freeman i rolla som Watson utfyller Sherlock med sår menneskelegheit og varme, og saman skapar dei deileg skjermdynamikk. Det er bromances som dette eg verkeleg ynskjer meg, Downey Jr. og Law i Guy Ritchies filmatiseringar kan berre gå og leggje seg!
Sherlock sine fiendar er interessante motpartar. På den eine sida er dei veldig like, på den andre sida er dei hans totale motstykker. Dominatrixen Irene Adler (Lara Pulver) er den overseksuelle drivkrafta mot Sherlocks aseksualitet, og ho snor han rundt lillefingeren på ein måte ingen andre kan gjere.
På same måte er Jim Moriarty (Andrew Scott) i prinsippet ein Sherlock-gone-wrong som nytter intellektet til det onde i staden for det gode.
[/caption] Det har vore ein del diskusjonar rundt Moriarty-figuren, og kor vidt hans maniske uttrykk passar serien. Eg har sett for mange skuggjesøkande, trugande Moriartyar, og tykkjer at den ville framtoninga hans er forfriskande for figuren – og for serien generelt.Sherlock fungerar best i sitt elska London. Byen er vakkert framstilt, i kalde blåtonar og med nydelege oversiktsbileter. På mange måtar er det her historiens viktorianske preg vert haldt hardast.
Produksjonsdesignet ellers er godt. Ideen med å «projisere» tekstmeldingar og liknande i lufta over figurane er ein ypperleg måte å både få vist det dei leser, og reaksjonen deiras, utan å måtte ty til framtvungne opplesingar.
Til sist må eg få belønne musikken, som følgjer sinnsstemninga til Holmes-figuren til punkt og prikke. Sherlocks eventyr er ypperleg akkompagnert av både strykarar og mørkare elektronika-inspirert musikk som underbyggjer stemninga godt.
Med ein gong tredje episode hadde gått på BBC vart sesong 3 tinglyst, forhåpentlegvis startar den så raskt Cumberbatch og Freeman er ferdige med innspelinga av Hobbiten-filmane. Eg gledar meg stort, både fordi eg vil sjå meir av dei to, men først og fremst fordi sesong 3 har mange spørsmål dei må besvare.
Sherlock er ein herleg vinkling på krimserien generelt og på Sherlock-figuren spesielt. Dette er historier som har blitt fortalt så mange gongar at ein skulle tru me var lei, men sanneleg har Steven Moffat og Mark Gatiss klart å friske han opp, og gjere han klar for den moderne verda.
Når eg no anbefalar serien på det sterkaste, anbefalar eg ikkje berre det som hender på skjermen, men ei stemning og eit univers eg vart fullstendig oppslukt i.