King Midas har vore stille, nesten skjult, i seks år. Ifølgje pressemeldinga har dei brukt desse åra på tusenvis av timar i studio, og perfeksjonert sin moderne blues. Resultatet er "Snow".
Høyr låta her. Anmeldelsen held fram under.
Ei klassisk tolking av blues-sjangeren er "Snow" i alle fall ikkje. King Midas leikar seg med rytmar frå åtti-talet, indie-vokal frå tidleg på 00-talet, og litt world-musikk i grunnen for det heile. Og blandinga er fantastisk.
Bandet som tidlegare har eksperimentert med både psychedelia og glam har lagt meir fokus på rytmen og den geniale melodien i "Snow".
Høyr låtpremiere på p3.no: Atter ein konge
Snøen er ikkje gul, den er gyllen. Etter kort tid har King Midas fanga deg med "Snow", og dei nektar å sleppa taket før ei lita stund etter siste akkord.
Seks år er brukt godt, om ein skal dømma etter første smakebit. Spenninga ligg i oppfølginga, og om King Midas no kan bryta ut av undergrunnen. Held det fram slik, er det godt mogleg.