Det er «like typisk som ein norsk roman – det handlar om alt det folk ein gong ville, og slik det faktisk blei». Når dette er sagt, må det understrekast at skildringane av hovudpersonane er gjort med skarpt blikk og stø penneføring.
Roman
Om mot til å leve når dei gode dagane er forbi.
208 sider
Kr. 349, -
Samlaget
Sjølve historia er ujålete, utan påklistra spenningsbobler. Men lesaren blir riven med når det bryggjer opp til uvér og flaumkatastrofe, både bokstavleg og i relasjonen mellom ektefellene.
Otto leiar ein ny organisasjon til hjelp for romfolk, medan kona Sofie gjer karriere i det ny Lambda-bygget. Åtte år har gått sidan dottera hennar døydde på Utøya, og ho tok til å kle seg mest berre i svart.
Svartsynet pregar også skildringane av landet og Oslo, der høgblokka er ubrukt og aude, pakka inn i likklede-aktige presenningar. Samfunnet har ikkje klart å samle seg om valet av minnesmerker etter terrorhendinga, for folket overdøyver kunstnarleg fagekspertise og vil berre ha roser, stjerner og englar.
Det er som å setje eit Hello Kitty-plaster på eit gapande sår, meiner hovudpersonen Sofie. På same vis har den private sorgprosessen stansa opp, livsflaumen synest å ha stivna til seig eksistens. Vener og familie er forvist til eit skuggeland, kollegial strid skaper meir temperatur enn erotikk.
Dei eksplisitte skildringane av massakren på Utøya smakar turt av avisreferat, og bryt både rytmen og den intime grunntonen store delar av boka eig. Men når forfattaren lever seg inn i hjartet til ein barnlaus forelder, finn ho blodferske og gripande språkbilete.
MAY GRETHE LERUM