For det er med nøyaktig 140 bokstavar og teikn på kvar bokside Frode Grytten vil vise det essensielle menneska opplever, frå fødsel til grav.
Unge og gamle, glade og triste – alle får sine små og store drama destillert i desse minimalistiske skrivestykka forlaget kallar noveller. Dei aller første av drygt 200 utvalde «twitternoveller» er også dei mest poetiske, særleg når det ordlause barnet blir skildra.
Så møter vi dei intense skiftingane i tenåringslivet, der det meste er svart eller kvitt, og himmelstormande lykke skifter med djupaste smerte. Beisk humor og skråblikk på samfunn og mediakultur er meisterleg bakt inn mellom intime og familiære hendingar.
Mikroforteljingar om det store livet.
Noveller
208 sider
Kr. 299, -
Kagge
Ofte står personen ved eit vatnskilje, eller strir med eit vanskeleg val. Brei plass får også soger om ung forelsking i halvgamle hjarte. Forfattaren hyller den resirkulerte kjærleiken, som gir ny ungdomskraft til trugne slitarar. Men det ligg alltid ein grunntone av lengt og einsemd og dirrar i teksten, lik ei kraftlinje strekt gjennom boka, mot slutten samla i eit ubehageleg spenn.
Nokre billege vitsar og slitne ordspel stel plass, som når ishockeyspelaren lir «sudden death» ved å få ein takstein i hovudet. Grytten har alltid vist nynorskpuristar fingeren, og blir kanskje ekstra glad i s-genitivet når tekstlengda må krympast.
Fleire mikronoveller kan virke enkle, nesten for enkle, og ordforrådet er magrare enn vanleg frå denne kunstnaren. Men den som vil, kan prøve seg sjølv. Få norske forfattarar kan som Grytten arbeide innovativt med så snevre og rigide format, og presse vettugt litterært innhald inn i mange hundre småprosjekt som desse.
Forfattaren må altså telje teikn, og personane hans tel ofte sekund, dagar, timar, år – men også til dømes kyss. Eller som i dette vesle dramaet:
«Rommet hennar lyser av sms. Ho kan telje 22 stavefeil på fem meldingar. Bodskapen er likevel klar: Verdas største idiot (14) har slått opp.»
MAY GRETHE LERUM