I Ragnhild Koldens tredje bok om familien Vik står Dagny i fokus. Ho har greidd å løyne krigsfortida si for ektemann og familie, men kvar sommar kjem ein svenske og riv opp både hjartestreng og sårskorper.
Med hard hand styrer ho den hjerneskadde søstera, som ikkje har hugst
Roman
Tredje bok i trilogi om 2. verdskrig.
217 sider.
Kr. 369, -
Samlaget
noko frå tida før ho fekk psykiatrisk behandling. Kva kan skje om minna kjem attende?
Samfunnet viser inga nåde for den som gjekk tyskarane sitt ærend, eller som vart kommunist. Fleire lever i skam og hat, utan å kunne røpe at dei var dobbeltagentar. Andre må tvihalde på ei sanning dei sjølv veit er løgn. Forfattaren bind fint saman alle dei fine trådane, og viser korleis tilfeldige krefter kan styre ein heil livslagnad.
Denne lågmælt intense forteljinga startar med eit mystisk likfunn, eit grep som nesten smakar av unødig drama og «krimifisering» av ein litterært sterk roman. Hendinga er uansett ein dramaturgisk brukbar katalysator, etterforskinga skakar mange menneske, og sjokket bryt ned gamle murar av gløymsle og fortrenging.
Men mannen som finn den omkomne, lensmannen, kunstmålaren, og dei fleste andre menn, blir snart som bipersonar å rekne. Det er kvinneportretta som lyser i denne teksten, sjølv om dei liksom hovudpersonane får svært avgrensa plass å breie seg på. Når vala er tatt, blir det hardt å skifte kurs midt i livet.
Boka viser solid forfattarhandverk, språket er kreativt og rikt på nyansar. Korte, spissa formuleringar skaper driv og energi, og syg lesaren inn – særleg i starten av kapitla. Finskorne setningar, fleire er utan verb, understreker den tette stemninga av uro og angst. Natur, enkle kvardagsrutiner og vér blir levande for alle sansar. Ei sterkt sensuell åre flyt også gjennom teksten, og skapar sterke understraumar av både erotikk og død.
Det er sjeldan å lese slike ujålete og gripande skildringar av krig, kjærleik, blod og lengt, – så godt som frie for klisjéar og melodrama.