For bleieungen Sigvald vart halvbror til Ales, og Sigvald fekk ein lausunge som fekk ein son. Ales veit at «...han heiter visst Jon og skal vera spelemann han óg og så skal han visst ha fått gjeve ut ei bok med dikt, ja folk gjer no på så mykje...»
Denne lesaren kalla førsteboka «Andvake» for pragmatisk-poetisk vestlandsrealisme, tok fram finaste sida av terningen, og avslutta med ordbruken «Halleluja»!
Magien er framleis i teksten. Men Fosse skriv meir rettlinja no og krev mindre mellom linjene.
Temperaturen aukar, personar og konflikter står i tydelegare relieff. Utan at forteljinga blir sjølvforklårande, får vi vite at ungjenta Ales aldri kom heim til mor si Alida, det vart inga forsoning. Men når Ales sjølv er gamal, leitar ho instinktivt langsmed dei stiane lesaren veit at mora fann.
Fosse skaper sirkelforteljingar kring dei fleste av sine hovudpersonar, både dramaturgisk og språkleg. Repetisjonen som verkemiddel er jo skapt av ei sjeldant stø hand. Som tidlegare kviler sjølve handlinga i ei tung og illevarslande atmosfære, medan menneska ofte ikkje finn noko sunn kvile.
Dei er svoltne, dei er heimlause, dei søv for mykje eller for lite. Dei eig ofte ikkje makt og kurs i eigne liv. Alle lengtar dei etter opptrakka veg, fyrlykt å segle mot, blodsband, røter, ein stad å høyre til og mest av alt den gode svevnen.
Det handlar som alltid hjå Fosse om kjærleiken. Og havet. Og om «kveldsvævda», eit ord fleire vestlandsdialekter brukar om blomar som faldar kronblada saman mot natta og kvile.
MAY GRETHE LERUM