Koseleg, men keisam?

Forfattar og illustratør har samarbeidd om fleire barnebøker, mellom anna dei prislønna forteljingane «Tvillingbror» og «Tvillingsøster».

Denne gangen skildrar dei ein liten familie, der dyr (revar?) symboliserer menneske.

Far i familien spelar fele, og har lova den svaksynte eldasteguten at det skal han også få lære.

Så skjer ei ulukke, far får sin eigen skavank. Men er det ikkje slik at alle har sine manglar og svake sider?

Er det ikkje alltid fleire ting ein kan, enn dei ein ikkje kan? Er det ikkje slik at det ein verkeleg, verkeleg vil - det kan ein få til?

Austrem fører eit lågmælt, godt språk. Ho skaper fine og vare stemningar, og greier å behalde ro og flyt i teksten sjølv når dramatiske hendingar skal skildrast.

Ho fortel utan store ord også om kjensler som kan dukke opp når barnet med skavanken får mest merksemd. I denne boka har Duzakin gjort illustrasjonane ein tanke duse og monotone, noko som kler teksten godt.

Det er rett og slett ei koseleg bok, der heller ikkje tematikken byr på store nyhende eller friske vriar. Men samstundes kan dette bli ei innvendig mot boka, som trass sine klåre kvalitetar kan framstå noko keisam.

Ein får nok inga overrasking når ei blar om sidene, korkje i tekst eller illustrasjon.

Men for enkelte vil boka nok inspirere til ettertanke kring det vi kallar skavankar.

MAY GRETHE LERUM