Hans Sande har ei eiga evne til å skape kikhol, både ut mot æva og inn i den daglege menneskelege dont. Hans Sande har ei eiga evne til å skape kikhol, både ut mot æva og inn i den daglege menneskelege dont.
Også i denne samlinga flyt den burlesandske humoren fritt, til dømes i parodien om realityshow-deltakarane i «Big Mouse». Forfattaren blandar eventyr, bibelske historier, legender og «røynd» i ein personleg og framfor alt frigjerande miks. Han skriv om guten som aldri skulle levd opp, om møtet mellom eventyrillustratøren Kittelsen og den «verkelege» Smørbuk(k) - slik ingen annan kan.
Men for trufaste Sande-fans vil denne novellesamlinga neppe bli noko høgdepunkt. Til det er teksten for småslapp. Intensiteten frå tidlegare noveller er borte, teksten strevar litt trått - milevis frå dei litterære høgder Sande nådde i til dømes romanen «Sprekk».
Småpludringa tek litt over, denne lesaren får ei kjensle av at forfattaren tidvis har keia seg under arbeidet. Likevel er samlinga absolutt verdt å lesa - så lenge ein er mentalt budd på ein litt mindre manisk Sande.
MAY GRETHE LERUM