Tiller innfrir

Den prisløna forfattaren Carl Frode Tiller innfrir til fulle når han no kjem med si andre bok.

Seks røyster vever på det same svartgrå teppet av lengt og sorg, i ein komposisjon som på same tid er ufrisk og genial: Ein forfattar mister grepet om både si eiga psyke og sine litterære personar.

Men personane i boka er likevel så infernalsk godt skildra at suget frå deira djupe botnar kjennest fysisk under lesinga. Stemningen er nesten berre mørk, likevel blømer personskildringane sterkt og klårt. Om Tiller skildrar innsida av ein fortvila sjalu gutunge, ein gammal hedonist, eller den kristne bondens evige skuldkjensle gjer han det med same overbevisande indre psykologiske logikk. Kvar og ein av desse personane kunne bore ein heil roman åleine, likevel har dei det til felles at dei er bipersonar i eigne liv.

Dei er styrt av andre menneske, av eigne grenser og av fortida si. Her finst ikkje mange vegar ut av uførene dei alle er i, kvar og ein gløtter berre såvidt over dei usynlege fengselsmurane sine.

Tiller bind alle desse nyanserte og sjølvstendige forteljarrøyster saman i eit lågmælt kor, sjeldan ser ein ei så stø forfattarhand som denne. Den einaste logiske bristen i stoffet er at det er vanskeleg å tru på at den begredelege forfattaren Arnt skal vera sentrum og kjelde for desse fantastiske skildringane.

MAY GRETHE LERUM