Mykje er sagt og skrive om Ukraina den siste tida, og mykje av det nyttar ordet «grenseland». Det er ikkje ein utprega original tittel på ei bok som heller ikkje er eineståande i sitt slag, men ho held lovnaden om å gje lesaren ein bakgrunn for å forstå kva som skjer i Ukraina i dag.
Eit gjennomgåande tema er spørsmålet om det finst ein ukrainsk identitet.
Strand svarer best på dette spørsmålet når han lar årets kviterussiske Nobelprisvinnar i litteratur, Svetlana Aleksijevitsj, og hennar sovjetmenneske skildra problemstillinga. Sitata frå hennar siste bok omhandlar nettopp manglande felles erfaringar mellom generasjonane som er fødd i Sovjetunionen og dei som ikkje er det, noko som er høgst relevant for dei som bur i Ukraina i dag.
Men me får dessverre ikkje vite like oversiktleg om Stepan Bandera sin bakgrunn og handlingar som om andre sentrale figurar i boka, trass i at Strand kallar han «kanskje den mest kontroversielle skikkelsen i det delte Ukrainas historie».
Samstundes er det ei viktig presisering at dei fascistiske partia i Ukraina berre fekk rundt 6,5 prosent av stemmene under parlamentsvalet i 2014 - mindre enn i mange europeiske land.
Dette er befriande i ein situasjon der Russland nyttar forvirring som strategi og gjennomført spreier eit utal konkurrerande versjonar i media både nasjonalt og internasjonalt. I Norge har me dessverre ved fleire høve akseptert for mange av desse alternative versjonane og soleis vore med på tåkelegginga som den russiske propagandaen legg opp til.
Samstundes stiller Strand spørsmål der det er nødvendig, også ved Ukraina sine tiltak. Han framhevar med rette at Ukraina ikkje gjorde det lett for seg sjølve ved å stengje ute russisk språk og mediekjelder i kampen mot det store russiske propaganda-apparatet. Han peiker også på deira påfallande manglande evne til å oppklara vanskelige saker.
Men her har det i det minste skjedd noko lovande etter at boka blei ferdigstilt i sommar - Ukraina har akseptert den Internasjonale Straffedomstolen (ICC) sin jurisdiksjon over brot som skjedde under den væpna uroa frå vinteren 2014 av. Saman med ICC si nylege annonsering av at dei vil ta opp etterforsking av overgrep under krigen mellom Russland og Georgia i 2008 kan me håpa på snart å få plassert klart ansvar for overgrep under fleire konfliktar i regionen, også i Ukraina - grenselandet.
Morten Strand
Sjanger
Forlag
Utgivelsesår
ISBN
Forfatteren er journalist i Dagbladet, derfor blir boka anmeldt av en ekstern anmelder.