Koreanske Bong Joon-Ho («The Host«) har fått lov til å lage noko så sjeldan som blandinga av arthouse-film og storslått blockbuster. Resultatet er ein ambisiøs science fiction-film berre av og til ut i det pretensiøse.
Etter at miljøforskarar slapp stoffet CW7 i lufta for å motverke klimaforandringane har jorda fryst over, og det har ført til total artsdød på planeten. Dei einaste levande er om bord på evigheitstoget «Snowpiercer» — ei global togrute som nyttar nøyaktig eitt år på å kome rundt jordas no iskledde landskap.
Vår helt, Curtis - ein skiten og sliten Chris Evans («Captain America«) - bur i den bakarste delen av toget, og planlegg revolusjon for å jamne ut skilnadene mellom seg og dei rike folka på første klasse, med mål om å ta over toget frå den jarnhandsstyrande konduktøren Wilbur - med gode figurskildringar i alle endar.
Filmen er visuelt sterk. Byrjinga, bakarst i toget, er så mørk at ein ofte knappast ser noko anna enn glimtet i auga til våre heltar, og vert gradvis lysare og meir fargesterkt dess lenger fram ein kjem. Togets klaustrofobiske scener er kompakt og flott designa, og gir oss tidvise glimt av den frosne verda utanfor.
Om du likar sci-fien din subtil, så er kanskje ikkje «Snowpiercer» noko for deg. Curtis si - både bokstavelege og biletlege - klassereise er ein tydeleg politisk metafor for «the 99 percent», og kamp mellom ulike sjikt av samfunnet. Og det er ikkje det einaste me får servert i denne teikneserieadapsjonen.
I løpet av filmens rundt to timar lange handling - dette er ikkje den nedklipte amerikanske versjonen - får me alt frå hardbarka sosialdrama, til storslått kampvold, karikerte overklassefigurar og samfunnssatire. Filmen balanserer ofte på ein knivsegg når den skal forklare verda som har skapt situasjonen me får framfor oss - og dyppar berre av og til tåa nedi plotthol.
«Snowpiercer» er ein tenkjande sci-fi-actionfilm, med spor av både Wachowski-syskena og George Orwell, men det er ikkje alt du bør tenkje for hardt på - då risikerer den å rakne i saumane.
Filmen følgjer den klassiske historia om ein motvillig helt med ei mørk forhistorie, som gjennom utfordringar og tilbakeslag må kjempe seg veg til sin endelege motstandar, men den gjer på eit leikent vis. Vel er Joon-Ho best på dei visuelle krafttrekka, men i hans hender vert denne actionfilmen herleg tilfredsstillande - om enn like subtilt som, vel, eit høghastigheitstog gjennom ei snøfonn.