På lista over fiksjonsfigurar som har fått laga filmar om seg er Dracula høgt oppe på lista, i nærleiken av julenissen og Sherlock Holmes. Kor «ufortalt» denne historia er, er eg litt skeptisk til.
Grev Vlad Tepes er ein heimkomen fyrste som leier med venleg hand over sitt Wallachia. Bak han er dagane som fryktinngytande krigar, opptrent frå barnsbein av tyrkarane som tok han til fange.
Når tyrkarane kjem attende for å truge hans vesle rike må han ty til desperate metodar for å unngå å miste folk og familie — og let seg bli omgjort, mellombels, til ein vampyr med enorme krefter. Om han klarar å halde seg unna blod i tre dagar, vil han vakne opp igjen som seg sjølv.
Universal har sett dette som starten på ein ny franchise med sine klassiske filmmonster. Dracula er berre starten, med Mumien, Frankenstein, og Den usynlige mannen på planen. Håpet er å starte noko liknande som Marvel har gjort med sine superheltar.
Deri ligg også noko av problemet. «Dracula Untold» lir av noko ein gjerne må kalle «trilogisjuka» - å vere første film i ein lengre serie skaper kjensla av at dei ikkje har hatt lyst til å blåse av alle kanonane såpass tidleg.
Debutregissør Gary Shore får ikkje gjere veldig mykje spennande her, men han leiker seg best i actionviraken - spesielt den første kampen greven får bruke kreftene sine er underhaldande å sjå på. Ein høgst jordleg måte å svekkje Dracula på seinare i forteljinga er også den mest interessante kampen i filmen.
Luke Evans er ein skodespelar som verkar som skapt for dramatiske, gotiske, fantastiske omgivnader. Rollene her og i «Hobbiten» viser at han er ein karismatisk skikkelse, men manuset gjer han ingen tenester.
Charles Dance som den vonde meistervampyren er eit godt treff. Best kjend som Tywin i «Game of Thrones» får Dance her lov til å vere ein meir karikert versjon av intrigemakaren - som me nok får vite mykje om i komande filmar.
Grunnprinsippet er spennande nok i seg sjølv: «Av og til treng verda monster, ikkje heltar.» Problemet er at vår grev Dracula aldri kjennest som noko anna enn ein helt. Valdslysta hans er overflatisk, og berre i noble ærend - bakgrunnsfigurane er i hovudsak tomme.
Den «ufortalte» historia ender med å i store trekk falle i ein ganske standard «opphavs»-formelen, utan å gjere noko spennande med den. Vel er vampyrar vanskelege å drepe, men akkurat denne versjonen kan kanskje få kvile i fred.