På eit skip utanfor Svalbard – i tida like før den andre verdskrigen – er eit lag av ulike svenske, engelske og tyske forskarar, ein norsk kaptein, og eit russisk mannskap, på jakt etter bevis for at alle verdas kontinent ein gong var samla til eitt – Pangea. Då krigen bryt ut, må alle – trass i at dei gjerne vil halde forskinga utanfor politikken – plutseleg ta éi av to sider i krigen.
Det første eg legg merke til i "En fiende å dø for" er at alle rollefigurane er veldig glad i å snakke. Glad i å snakke i den grad at dei relativt umotivert utleverer sin vanskelege oppvekst, allereie frå tidleg av i historia. Når ein av rollefigurane mot andre del av filmen seier: "Eg skal ikkje kjede deg med heile historia", så stemmer både eg og hans motspelar i med eit "Å, det er nok for seint for det".
Når det er sagt, bak historiene har sin plass. Dei er med på å gi motivasjon til figurane og forståing for handlingane, sjølv om dei vert litt mange etter kvart. Kun på eit punkt i filmen er ein rollefigur heilt mållaus, og overraskande nok er dette eit av filmens beste augneblink.
"En fiende å dø for" går føre seg i hovudsak om bord på båten, og den utnyttar skipsrommet veldig godt. Sjølv om det til tider går fort for seg, klarar filmen å orientere seg rundt mange ulike rom, utan å forvirre. Filmens kamera og kameraføring vekslar mellom framvising av storslått natur og nærbilete av detaljane rundt våre figurar. Og sjølv om spesialeffektarbeidet ikkje heilt held Hollywood-standard går det ikkje ut over historia som vert fortalt.
Filmar om andre verdskrig kan fort bli keisame i sine svart-kvitt-skildringar av verda. Regissør og manusforfattar Peter Dalle – som kanskje er best kjend for komediane sine – klarer å omgå dette ved å levere nyanserte helte— og skurkebilete. Han utfordrar til og med den svenske nøytraliteten når han tvingar ekspedisjonens einaste svenske – elles utmerkt spelt av Richard Ulfsäter – til å velje side. Norske Sven Nordin gjer òg ei nydeleg rolle som ein fordrukken, men handlekraftige båtkaptein.
Litt intereuropeisk humor, nok romantikk, og ein del action mot slutten gjer "En fiende å dø for" til godt brukt tid i kinomørkret. Det er kanskje ikkje global størrelse på denne filmen, men det ville overraske meg om den ikkje tek eit par Guldbaggar – Sveriges eigen Oscar – når den tid kjem.