I filmen «Borat» tok Sacha Baron Cohen på seg habitten til ein austeuropeisk stereotyp for å prøve å vise korleis det amerikanske samfunnet reagerte på hans likemenn. I den danske filmen «Ambassadøren» prøver Mads Brügger å gjere litt av det same, dog med ein meir seriøs undertone. Han ikler seg personaen til ein dekadent, dresskledd diplomat, og kjøper seg ein ambassadørtittel i Liberia via lugubre kjelder. Plutseleg er den kvitaste mannen i Danmark i ferd med å leite etter bloddiamantar i ein av dei minst vellukka republikkane i Afrika, under påskotet av å starte opp ein fyrstikkfabrikk.
Mads Brügger har i mange år laga filmar i skiljet mellom fiksjon og dokumentar. «Det Røde Kapel» frå 2009 gjorde litt av det same. Då reiste tre danske komikarar – deriblant Mads Brügger – til Nord-Korea for å gjere narr av regimet under påskot av å vere ein teatertrupp. Ideen er basert på Lars von Triers reglar for filmskaping, men med ein litt underleg twist. «Ambassadøren» tek mange av dei same ideane vidare, og endar opp med å vere ein merkeleg rase av film.
I bunn og grunn er det ein dokumentar, som gjennom fleire skjult-kamera-intervju med sentrale aktørar i diplomatiet og politikken til den sentralafrikanske republikken prøver å fortelje kor forvridd samfunnet er. Korrupsjon og ustraffa kriminalitet er kvardagsleg. Men hovudsakleg på eitt punkt skil den seg frå det meste av dokumentarfilmen. I likskap med Morgan Spurlock – mannen bak bla. den feittkritiske dokumentaren «Supersize Me» – er det regissøren som vert sett i hovudsetet. Med jamne mellomrom får me sjå figuren Mads Cortzen i lys dress og ridestøvlar som handler – nokon vil kanskje seie framprovoserer – situasjonar som prøver å blottleggje ein kynisk bloddiamantindustri. Og det visar seg at det er på ingen måte berre dei afrikanske partane som er skuldige her. Tidlegare kolonimakter som Frankrike har nok fingrane djupare i honningkrukka enn dei er villige til å innrømme offisielt.
Det er meir enn filmens lokasjonar – mykje nedslitne bygg frå storheitstida på 40— og 50-talet – som ropar nostalgisk tilbake. Musikken som kjem fram med jamne mellomrom er frå same tida og målar eit bilete av ei fortapt tid – som tydelegvis er meir relevant enn me trudde.
Som i hans tidlegare filmar vil nok mange reagere litt på moralen til Mads Brügger, og måten han til tider skapar situasjonar for å få gode klipp til filmen sin på. Dette er på ingen måte moralsk godt, og han kryssar fleire gongen streken for heiderleg journalistiske prinsipp. I tillegg tykkjer eg litt synd på det håpefulle samfunnet han forlet etter filmens slutt, uansett kor mykje han prøver å gjere opp for det. Om ein klarar å sjå litt vekk frå dårleg samvit, er dette likevel ein interessant vri på dokumentaren, og dei bitande ironiske situasjonane som oppstår er verdt ubehaget ein kan kjenne i skiljelinjene mellom dokumentar og fiksjon.
Enkelte har kritisert filmen for å krysse grensa over i mockumentary-sjangeren, men eg tykkjer det fungerer veldig godt. På sitt verste er filmen ein litt urytmisk dokumentar som kan kjennest litt lengre ut enn dei halvanna timane den varar, i likskap med fleire av Spurlocks dokumentarar får ein av og til inntrykket av at tidvis livstrugande dramatiske sekvensar er mindre reelle enn Brügger framstiller dei. På sitt beste er derimot «Ambassadøren» skarp satire over den politiske kvardagen i korrupte post-koloni-statar. At Hitler var ein artig kar er kanskje ikkje noko som dukkar opp i samtalane rundt lunsjbordet her i Noreg, men i den sentralafrikanske republikken vert det betrakta som ei interessant anekdote.
Dei som har eit håpefullt blikk på den afrikanske regionen, og håpar at den kan stable seg på beina økonomisk i løpet av nær framtid vil få eit sjokk med denne filmen. Og kanskje er det akkurat det dei treng? Mads Brügger laga «Ambassadøren» for å vise det Afrika me ikkje får sett på innsamlingsaksjonar, han ville vise lommene tilsendte pengar kan ende opp i, og korleis det kvite Europa framleis skadar kontinentet. Om ikkje alt er like vellukka, så har han i alle fall flytta streket for kva ein dokumentar kan seie.