Rockestjerna Cheyenne tek fri frå sin 30 år lange pensjonisttilværelse då faren døyr. Livet med kona i herskapshuset i Irland kjedar han frå vettet. Då han får mogelegheita til å jakte på fangevoktaren som audmjuka faren hans i konsentrasjonsleiren Auschwitz, tek han sjansen. Dette til trass for at han ikkje er eit tradisjonelt førstevalg for den typen arbeid.
Sean Penn gir alltid alt i rollene sine, anten det er bruk for ekstravagante eller meir kvardagslege personar.
«This Must Be the Place» er ikkje noko unntak. Cheyenne er kanskje den mest karikerte figuren han har spelt – ei blanding av The Cure-vokalist Robert Smith og Edvard Saksehånd, med lett narkoknekk i knea og pipestemme. Sinnstilstanden hans vert måla med breie strok. Til dømes går han alltid rundt med ein trillekoffert for å forklare oss at – joda – denne karen har mykje mental bagasje. Me får eit bilete av ein fordums helt, som kanskje ikkje var så helteverdig i «gamle dager» heller.
Musikken er viktig i denne filmen. David Byrne – kjend frå blant anna The Talking Heads – har bidratt på to måtar; både i ei birolle, og som ansvarlig for musikken. Kanskje går det litt overbord når me faktisk får utdelt filmens tittellåt under ein konsert, men utvalget av smått skranglete indierock passar filmens rare verd heilt utmerka.
«This Must Be the Place» er best når den får lov til å skildre verda denne road tripen tek oss gjennom. Kameraet står sjeldan stille, og er stort sett i lange, vakkert komponerte scener frå dei ulike stadane nazijakta til Cheyenne tek oss til. Cheyenne dukkar opp i livet til fleire personar, og me får innblikk i småbylivet til mange gode rollefigurar langs vegen. Reisinga gjennom ein manns oppdelte fortid kan minne litt om «Paris, Texas» – og jammen dukkar ikkje «Paris'» hovudrolleinnehavar Harry Dean Stanton opp i denne filmen óg. Neppe tilfeldig.
Då er det berre synd at denne oppdelinga vert gjort med litt for tung hand. Historier og tematikk spriker, og det tek for lang tid å kome i gang med Cheyenne sin heilt eigne variant av hevntokt. Som søte, rare og til og med morosame innhopp i ulike versjonar av Det Amerikanske Livet har «This Must Be the Place» mange gode enkeltelement, men som heilheitleg film er den meir som eit slott av mangefarga Duplo-klossar enn eit godt samansatt hus: Nokon vil like det, men det hadde vore kulare i betre skikka hender.