På 50-talet definertestatsvitaren David Easton det politiske system som ein svart boks der krav og støtteordningar gjekk inn, og reglar og løyvingar kom ut.
Nokon vil seie at dette var for enkelt å kunne forklare kva politikken førar til, men etter å ha sett «Maktens menn» lurar eg på om det rett og slett er for å late oss sleppe å sjå det intrigefylte indre systemet i politikken. For vil me eigentleg opne lokket og sjå inn i den mørke boksen? Svaret er ja, og «Maktens menn» er eit godt eksempel på kvifor.
Det er våren før presidentvalget i USA, og ulike representantar for gruppa «smått aldrande kvite menn» kjemper hardt om å få lov til å bli kandidaten til det Demokratiske partiet. Ein av dei er Mike Morris (George Clooney), ein karismatisk skikkelse med sansen for framtida.
God hjelp har han i sin pressetalsmann Stephen Meyers (Ryan Gosling), ein mann som blindt meiner at kandidaten han arbeider for er mannen som skal styre USA mot betre tider. Men – som i dei fleste filmar om politikk – støtar dei på ei skandale som kan øydeleggje hans politiske karriere for alltid.
George Clooney har både skrive, produsert og spelt i filmen, i likskap med ein av hans tidlegare filmar «Good Night and Good Luck». «Maktens menn» følgjer i same bane, og set fokus på samhandlingane, hestehandlane og intrigane i skiljelinjene mellom media og politikk. For ein som sit benka framfor det amerikanske valet, er det veldig interessant med eit blikk bak fløyelsforhenget.
Filmens musikker skriven av Alexandre Desplat, som har stått bak musikken for filmar med så ulike univers som «Harry Potter» og «Twilight», til meir kvardagsnære filmar som «The Ghost Writer» og «Kongens tale». Han skuffar heller ikkje her, musikken framhevar personar og understrekar utsegn. Hovudtemaet er ein marsj, men er det ein marsj mot siger, eller ein marsj mot den sikre død?
«Maktens menn» er aller best på skodespelarane. Clooney har fått velje frå øvste hylle – seg sjølv inkludert – og skodespelarane leverer replikkar som om det var det naturlegaste i verda. Ryan Gosling trer best fram, og i ein rolleprogresjon som for så vidt kan samanliknast med «Drive» – dog mykje mindre valdeleg –ser me han ta steget inn i ein stadig mørkare skjebne.
Men Gosling erikkje den einaste som kan nemnast.
Som guvernør trekk Clooney fram sitt mest karismatiske sjølv, og nærast Obama-liknande talar. Om han skulle bestemme seg for å bli politikar ein dag, så er det nok plass til han ein stad. Likeins er dei to kampanjeleiarane spela av Philip Seymour Hoffman og Paul Giamatti nydelege motsatsar, to kyniske veteranar i kampen mot … kvarandre. Til sist må den flørtande praktikanten nemnast – utmerkt behandla av Evan Rachel Wood – som absolutt alle andre i filmen har ho ein agenda.
På eit tidspunkt spør motkandidatens pressesjef Meyers om han ikkje vil kome og arbeide for han, svaret er kontant nei. Meyers vil arbeide for mannen han ser på som ein ven. «Vil du arbeide for ein ven, eller vil du arbeide for presidenten?». I den politiske verda til «Maktens menn» er det ingen som er vener, det er berre folk ein kan utnytte. Noko som syner seg best i avslutninga, som endar akkurat då den skal.
Originaltittelen er«Ides of March», som visar til datoen då Julius Cæsar vart brutalt drepen av dei som konspirerte mot styresettet hans. På same måte som i historia tittelen kjem frå, handlar det òg her om kva val folk tek for å kome til toppen i system som kan krevje skitne triks. Og den løyser det godt.