Gjennom ei pakt med djevelen har stuntmannen Johnny Blaze (Cage) blitt besatt av ein demon som er hemngjerrig på absolutt alle onde menneske i verda (frå mordarar til folk som lastar ned ulovleg). Tilfeldigvis befinn han seg i same området som djevelens son, og pistolpresten Moreau (Idris Elba) som rekrutterar Blaze til å redde guten — mot å fri han frå hans indre demon.
Manuset er håplaust forutsigbart, og tenar lite anna nytte enn bakteppe for filmen. Idet opningsscena er over, bør ein sjå filmens utfall ganske raskt. Men «Ghost Rider 2» fungerar veldig godt i scenene der det veldig kvardagslege kræsjar med det overnaturlege — til dømes visar e-stoffer seg å vere det einaste som helvetes makter ikkje kan korrumpere.
Cage spelar den smågale versjonen av seg sjølv, noko ingen andre gjer betre enn han. Om du hadde sansen for han i «Wicker Man» eller «Face/Off» vil du finne mykje artig her. Ellers er Idris Elba sin korsfarar eit veldig godt tilskot til filmen. Sjølv om eg ikkje heilt kjøper at mannen snakkar fransk, så er han eit frisk pust i ein film full av figurar som bevisst tek verda si veldig seriøst.
Regissørparet Neveldine/Taylor er mest kjend for crazy-action som «Crank»-filmane. På ingen måte det mest utfordrande i verda, men artige, smågale actionfilmar som har ein tanke og som oftast klarar å gjennomføre den. Her tek dei utgangspunktet i eit tidlegare eksisterande univers, og har klart å gjere den betre. Effektmakeriet har fått ein fortjent boost — spesielt Ghost Riders brennande hovudskalle, og den onde krafta til ein kvithåra motstandar er godt utførte.
Om du klarar å kjøpe det litt merkelege universet, så er «Ghost Rider 2» ein underhaldande film som tek steget opp frå forgjengaren sin. Men for at denne serien skal klare å ta steget ut av guilty pleasure-dalen er dei nødt til å betale manusforfattarane meir pengar.