Sett det før

GODE ACTIONHELTAR, MINDRE GOD FILM: Danny (Jason Statham) vender attende til leigemorderbransjen når ven og mentor Hunter (Robert De Niro) vert kidnappa.
"Basert på ei sann historie" har ikkje betydd det same sidan eg såg ein animasjonsfilm med snakkande hundar, som visstnok hadde eit verkeleg opphav. Like vel dukkar det stadig opp som ein agn me kinogåarar skal bite på, for at det skal vere meir Ekte og Farlig enn alle dei andre actionfilmane med i prinsippet nøyaktig same plott, berre med Meir Verkelegheit.

Filmen "Killer Elite" som – overrasking! – er basert på ei sann historie, er sat til politisk stormfulle 1980. Danny (Jason Statham), ein pensjonert leigesoldat, vert lokka tilbake til tenesta – one last job – etter at noko spesielt hender. Ein omansk sjeik i eksil har kidnappa hans ven og mentor, Hunter (Robert De Niro), og krev at Danny tek livet av tre britiske, tidlegare spesialstyrkesoldatar for å hemne sønene sine. Berre slik kan sjeiken visstnok returnere til sitt gamle heimland. Samtidig er ein hemmeleg klubb – The Feathermen – beståande av tidlegare SAS-menn på sporet av Danny og hans operasjon.

Dette skal då vere basert på boka "The Feathermen", som skapte mykje leven og benektingar frå britiske myndigheiter då Ranulph Fiennes gav den ut i 1991. No, når verda atter ein gong er i ein økonomisk bølgjedal, følte nokon at den var aktuell nok til å skapast film av, og vips, så fekk Gary McKendry sin regidebut for det store lerretet.

Til trass for at Statham er over 40, klarar han seg framleis godt som actionhelt. Og sjølv om han klarar seg nokon lunde greitt gjennom scenene der det er kravd av han at han skal vise kjensler, er det i actionscenene han gjer det best. Spesielt ei kampscene – der vår helt er knytt fast til ein stol – er glimrande koreografert.

Robert De Niro er òg med i denne filmen, i alle fall ifølgje plakatane. I sjølve filmen er han kraftig underbrukt, og i den vesle tida me får sjå han spelar han på ekte De Niro-sjarm. I likskap med dei fleste figurane i filmen kan det godt vere han er interessant, men tida som vert brukt på å gi figurane kjøtt på beina er alt for, alt for kort.

Om ein tek ein nærare kikk på bileta frå filmen er det vanskeleg å tidfeste den til 80-talet. I alle fall om ein ser på hovudpersonane. Streifar blikket mot Dannys medarbeidarar vil ein finne ein Arne Treholt-lookalike og ein Lemmy-pastisj, men elles er det lite anna enn bilane – for øvrig eit fint utval av særbritiske motorfartøy – som fortel oss at dette er 80-talet. For å klargjere, eg hadde ikkje venta å sjå Danny i Ball-genser, men det skal meir til enn fire skinhead-statistar for å gjenskape tidskoloritten til 80-talets London. Når den vonde sjeiken i tillegg er kliss lik terroristen i "Team America" seier det seg sjølv at det nok kunne ha gått meir kreativitet inn i kostymeavdelinga i filmen.

"One last job"-sjangeren lever framleis, og kjem nok aldri til å døy. Ikkje at det naudsynt er noko gale i det, men eg skulle ønskje det var mogeleg å gjere noko nytt! "Inception" gjorde dette glimrande i fjor, men "Killer Elite" når den ikkje opp til støvlekanten. Kan vere verdt å sjå om du er Statham-fan, elles er det mykje anna du heller kan nytte pengane dine på.

Enig med vår anmelder? Si din mening under!