Filmskapar Sergei Eisenstein, best kjend for den revolusjonerande «Panserkrysseren Potemkin», er framleis ein av Russlands store kunstnarheltar frå smørauget i den russiske revolusjonen. Heilt nøgd er dermed ikkje moderlandet hans med filmen «Eisenstein in Guanajuato» — men det er då heller ikkje eg, av heilt andre grunnar.
Akkurat kva som hendte under produksjonen av Eisensteins ufullførte mexicanske prosjekt stridast dei lærde om - men hans undertrykte homoseksuelle legning skal visst ha spelt ei rolle. Her vert dette vist som eit seksuelt eksplisitt forhold til hans lokalguide Palomino (Luis Alberti). Scena der filmskaparen mistar jomfrudomen er lang, hard og lærte meg eitt og anna om syfilis. Tema held seg dermed rundt regissør Greenaways favorittar, sex og død.
Dette er omtala som ein biografisk film, noko sommå takast med eit panserkryssarlager med salt. Diskusjonen i Russland rundt sannheitsgehalten overgår alle smådetaljar i striden rundt «Kon-Tiki» for nokre år sidan, når den viser turen som i røynda skal ha endra Eisenstein frå ein propagandist til ein meir intim filmskapar. Her er det meir snakk om å fange essensen av det kunstnaren Greenaway ser på som eit av sine forbileter.
Hovudpersonen, ført i kroppen av finske Elmer Bäck (frå NRK-europuddingen «The Spiral«) speler ein intens og karikert Eisenstein, som minner om Mozart frå 80-talets «Amadeus». Sterkt skodespel, men dei raske monologane hans tek for stor plass gjennom heile filmen.
Mot byrjinga er Eisenstein særs oppteken av skorne sine, og omtalar dei som det viktigaste for ein russar. Difor er det interessant at han stadig endar opp fjernare frå fottøyet sitt etter kvart som han forsyner seg av eksotiske Mexico, som regissør Greenaway målar glorete og fargesterkt, og tidvis i fantastisk filma scener - spesielt i ei spradande diskusjon gjennom ein hotellrestaurant.
Me pensar inn og ut av scener, anten det er svinsande naken på hotellrommet, i dårleg forfatning i mørke bakgater, i storslåtte besøk eller herleg rikhaldige scener frå gravplassar. Eit stadig tilbakevendande verkemiddel er også ei tredeling av skjermen, anten med historiske bilete frå røynda, ekstreme nærbilete eller fleire variantar av same scene.
Filmane til Greenaway har aldri vore meint for alle. Trass sine 73 år på planeten, er han stadig i stand til å skape velplasserte angrep på sansane, men diverre vert «Eisenstein in Guanajuato» for ofte masete og intens utan å gi pusterom, slik andre av filmane hans har klart å gjere.
Dette er månadens film på Cinemateket i Bergen, og blir vist 4.- 27. oktober.