Eit interessant trekk i tida er at verdikonservatismen og venstreradikalismen nærmar seg kvarandre i ein kritikk av den styrlause finanskapitalismen og andre opplevde forfallsteikn i politikk og kultur.
Lesarar av Klassekampen får dagleg syn for dette. Og på høgresida har tidlegare statsminister Kåre Willoch levert nokre av dei skarpaste angrepa på grådige næringslivstoppar og kortsiktig spekulasjonsøkonomi.
Christian Borch er som Kåre Willoch på speed. Den tidlegare NRK-profilen, med ei politisk fortid i Høgre, har også tidlegare markert seg som ein refsar av si samtid. Boka «Sannhetens kår», som kom like før finanskrisa, vart av ei avis karakterisert som «nattsvarte profetier». I dag slår Borch fast at det vart endå verre enn han spådde.
Det er Margaret Thatcher som eigentleg er den store skurken i Borchs nye bok, «Banalitetens tyranni». Nyliberalismen som ho bana vegen for, har gitt finansnæringa altfor stort spelerom, og den har invadert resten av samfunnet med sine «verdiar». Menneska er lokka inn i ein svimlande dans rundt gullkalven, næringslivet føler ikkje lenger noko samfunnsansvar, solidaritetsverdiane frå etterkrigstida ligg igjen på historias skraphaug.
Parallelt har det skjedd eit forfall i politikken, som er degenerert til eit pr-prosjekt. Manipulerande marknadsføring av kandidatar avlar kynisme og politikarforakt blant folk flest, i ein grad som kan setja sjølve demokratiet i fare.
Borch meiner også at det er skapt «en ny psykologisk sårbarhet» i store delar av samfunnet: «Markedskulturen avlet en generasjon av narsissistiske materialister, dårlig forberedt på å takle motgang. Siden 2010 har det i tillegg vokst frem en ny gerenrasjon som ikke har fått tid til å bli egosentriske livsnytere, men heller ikke har andre håp å strekke seg etter; ungdomskullene sør i EU må leve med at det er femti prosent sjanse for at ingen vil ha dem.«
Boka er full av eksempel på alt som er gale. Borch listar opp både dei store globale skandalane og dei nærmare eksempla på kameraderi og keisarens nye klede. Kapittelet om «McKinseyismen» er i så måte eit høgdepunkt. Borchs indignasjon er medrivande og oftast på sin plass, men alarmismen kan over tid bli trøyttande. Ein grip seg i å sakna den kjølige analytikaren: Korleis kunne det eigentleg gå slik?
Av og til blir også den gamle konservatives forakt for parvenyen litt for tydeleg: «Det fine med nyrike var at de (stort sett) var perspektivløse, blottet for kulturelle motforestillinger og skamløst egosentriske. Dessuten hadde de jevnt over dårlig smak, og dynget på med ting som kunne flagge posisjon og status.«
Trass i den dystre diagnosen han stiller, vil Borch gjerne vera optimist. Han leitar etter positive teikn der dei kan finnast: blant ein mindre egoistisk ungdomsgenerasjon, i idealistiske frivillige organisasjonar, i eit EU som finn tilbake til dei ideane som dreiv fram det europeiske samlingsarbeidet i dei første etterkrigstiåra. Men det blir bleikt mot den massive samtidskritikken han elles framfører.
Noko alternativt program har ikkje Borch, om nokon skulle ha venta det. Konklusjonen blir den vagt revolusjonære: Det trengst «rikere ideer, justerte mål og håp, nye organer, og (se ikke bort fra det) ganske andre ledertyper. Kjedelig blir det i hvert fall ikke,» slår den gamle journalisten fast til slutt.
Vel. Med dei leiartypane som nå seglar opp på arenaen — ein viss Donald ikkje nemnt - er det freistande å seia med kinesarane: «Måtte du sleppa å leva i spennande tider:«
Christian Borch får nok stoff til fleire bøker.