Det republikanske partiet i USA er vanskeleg å forstå for mange europearar. Særleg skandinavar. Miksen av statsskrekk, dyrking av den frie marknaden, intens religiøsitet, motstand mot abort og homoekteskap og støtte til dødsstraff og fri våpenomsetning står fjernt frå det som fleirtalet hos oss reknar som eit moderne, rasjonelt verdisett.
Men USA er ein annan stad, ikkje minst politisk. Republikanarane er ein maktfaktor, med fleirtal i begge kammer i Kongressen. Og ingen kan sjå bort frå at USA neste år igjen har ein republikansk president.
Den erfarne politiske kommentatoren Frank Rossavik var nysgjerrig på dette partiet. I 2014 og 2015 reiste han rundt i USA og snakka med mange aktivistar og politikarar, helst på mellomnivå i det republikanske partiet og organisasjonar som står det nær. Resultatet er ei bok som både er underhaldande og rik på innsikt.
Rossaviks styrke er den fordomsfrie og ikkje-moralistiske tilnærmingsmåten til menneske og miljø som i utgangspunktet står han fjernt. På den måten får han folk til å opna seg, og han får fram nyansane og mangfaldet bak klisjeane. Eit kosteleg eksempel er kapittelet der den opent homofile Rossavik ferdast blant kristenkonservative «familieverdi»-aktivistar. Dei finn tonen overraskande godt.
Og Rossavik, som aldri i sitt liv hadde teke i eit skytevåpen, endar opp med ei viss forståing for motstanden mot våpenkontroll. I det minste viser han at spørsmålet ikkje er så enkelt som europearar gjerne vil ha det til. For kven vil sitja igjen med våpen om staten skal nekta lovlydige borgarar å skaffa seg dei?
Det som samlar det republikanske partiet og får dei ulike standpunkta til å gå logisk i hop, kan ifølgje Rossavik samanfattast i eitt ord: frykt. «Jeg møtte ikke en eneste optimistisk republikaner,» skriv han. Førestillinga om at USA er i forfall, og at «det fredelige, ordnede, konservative og gudfryktige Amerika» er i ferd med å gå under, får hos enkelte reint apokalyptiske dimensjonar. Her ligg det nok også eit rasistisk element, sjølv om ingen opent vil vedkjenna seg det. USA blir stadig mindre kvitt.
Rossavik viser vilje til å forstå også her. «Er det feil å møte livet med frykt? Er det umenneskelig å være innadvendt og forsiktig», spør han. Samtidig er redsla for samfunnsendringar ein akilleshæl for republikanarane. Det er demokratane som er på parti med dei langsiktige demografiske og verdimessige endringane i det amerikanske samfunnet.
På kort sikt, det vil seia i årets valkamp, kan det derimot henda at republikanarane er betre posisjonerte til å fanga opp folkestemninga enn demokratane. Alt frå ytre terrortruslar til den økonomiske stagnasjonen for middelklassen nører opp under redsle og sinne, med etablissementet i Washington som skyteskive.
Rossavik gjorde reisene sine for tidleg til å fanga opp Donald Trump-feberen som for tida herjar i den republikanske primærvalkampen. Faktisk møtte han berre ein einaste Trump-tilhengjar, den blinde, 89 år gamle Melva Urban frå Iowa, som meinte at Trump ville gjera noko effektivt «med det mange av oss har klaga på i årevis». Slik er Trump kanskje ein logisk, men utilsikta konsekvens av utviklinga mot ein stadig meir konservativ politikk og retorikk. Det slår nå tilbake som ein bumerang mot det relativt moderate republikanske partiapparatet.
Om ikkje Frank Rossavik skriv mykje om Trump, har han laga ein framifrå guide til å forstå stemningane som lyftar han fram.
Frank Rossavik er tidligere politisk redaktør i BT
Tom Hetland er kommentator i Stavanger Aftenblad og har ikke jobbet sammen med Rossavik på over 20 år.