Ytringsfridom i ei terrortid

UTSTILLING: Teikning av Egil Nyhus på utstillinga «Ytringsfrihet og avistegning» i Stavanger kulturhus i fjor.

Var striden om Muhammed-karikaturane for ti år sidan eit vendepunkt, der frykt for islamistisk terror tok over for eit prinsippfast forsvar for ytringsfridommen?

Spørsmålet gjennomsyrar redaktør Vebjørn K. Selbekks bok «Fryktens makt», som kjem ut ti år etter at han sjølv stod sentralt i karikaturstriden. Publiseringa av danske Jyllands-Postens teikningar i den kristne avisa Magazinet vart ei sterk belastning for Selbekk personleg, blant anna med drapstrugslar.

Betre vart det ikkje av at norske styresmakter la stein til børa. Jonas Gahr Støre var då sjef for eit Utanriksdepartement som instruerte norske utanriksstasjonar i den muslimske verda om å «beklaga» at trykkinga hadde skapt uro i muslimske miljø, og å visa stor forståing for at teikningane var blitt opplevd som støytande.

Dette svake forsvaret for ytringsfridommen er ikkje det stoltaste kapittelet i norsk utanrikspolitisk historie, og Selbekk er stadig bitter, både på Støre og Kjell Magne Bondevik, som han kritiserer for å ha gått bort frå det sterke forsvaret for ytringsfridommen som han viste i striden om Salman Rushdies bok «Sataniske vers» på 1990-talet.

Selbekk er høfleg nok til ikkje å kritisera norske redaktørar. Men fleire av oss — inkludert underskrivne, som på den tid var sjefredaktør i Aftenbladet - har nok i ettertid tenkt at vi burde vore tydelegare i forsvaret av Selbekk. Når det ikkje skjedde, skuldast det dels overrasking og forvirring - både Aftenbladet og Bergens Tidende hadde publisert teikningane fleire månader tidlegare utan reaksjonar - dels at situasjonen var ute av kontroll og liv stod i fare, dels eit ønske om ikkje å jaga moderate muslimar over til dei ekstreme, og dels ei oppfatning hos mange at karikaturane, i motsetning til Rushdies bok, var ein nokså tåpeleg provokasjon.

Selbekks erfaring, og utviklinga etterpå, har hjelpt oss til å tenkja meir prinsipielt.

Vebjoern-Selbekk-Fryktens-makt_medium.jpg

Prinsipielle haldningar er ikkje mangelvare hos Selbekk, og når han skifter meining, tek han konsekvensen av det heilt ut. Han beklagar i dag at han i 2004 skreiv ein leiar til forsvar for blasfemiparagrafen, og han er nå tilhengjar av vide rammer for ytringsfridommen, inkludert Holocaust-fornekting.Men med dette spranget hoppar Selbekk litt for lett over gråsoner og dilemma som vi må leva med kvar dag i eit fleirkulturelt og globalisert samfunn. Dersom mennesket er ukrenkjeleg, men religionar kan krenkjast, korleis opptrer vi då overfor menneske som har religion som ein heilt sentral del av sin identitet? Det kunne Selbekk, som eit religiøst menneske, i større grad reflektert over. I den digitale tidsalderen er det også eit dilemma at ytringar vi før kunne diskutera med eit lokalt publikum, nå blir spreidde ved eit tastetrykk og fortolka og mistolka i heilt andre kontekstar. Kva gjer vi når kulturen ikkje held følgje med kommunikasjonsteknologien? Er det nokon veg utanom den utskjelte dialogen?

Utfordringane som karikaturstriden reiste, er ikkje blitt mindre. Dessverre. Vebjørn K. Selbekk er ei viktig stemme som bør ha meir å seia.