Den 17. mai 1893 står ein sterkt prega Nesje på kaia i Kristiansund og ser ein av sønene sine, Eilert, berre 16 år gammal, gå om bord i S/S Juno med kurs for Amerika.
Etter seks veker er Eilert framme hos tanta si Gjertine i Day County.
Romanen «Bror din på prærien» er ein oppfølgjar til «Slåttekar i himmelen» frå i fjor — som handla om Edvard Hoems oldefar Knut Hansen Nesje.Den unge guten er stor og sterk, og viser seg som ein dugande arbeidskar. Han er fast i trua si og lever eit gudfryktig liv. Rett nok er det mange freistingar, men den unge romsdølen vil slett ikkje binda seg til noko eller nokon før han har funne ein plass som er god nok til å slå seg til for godt. Tolv år med hardt arbeid går for Eilert. Likevel klarar han ikkje å leggje seg opp nok midlar til å kjøpe seg jord og byggje seg ein heim.
Han har sett i avisene at Canada trong innvandrarar og at dei lokkar med gratis jord. Og ikkje berre det: jernbanen der fraktar folk så langt dei vil for ein billig penge. Eilert let seg freiste til liks med svært mange andre, og hausten 1905 er han på plass ved Eidswold, Alberta i Canada. Her finn han sitt eventyrland, eit jordstykke på seks gonger seks miles.
Den fyrste tida i Canada lyt han rett nok ta seg arbeid på eit bakeri for å prøva å leggje seg opp ein del pengar. Han er også ivrig etter å prøve å finne den rette. Ein dag kjem det ei høgreist vakker dame inn i bakeriet. Det går eit støkk i Eilert, der var ho. Martha Lyseng og han blir snart eit par.
«Bror din på prærien» er ein slektsroman. Men også så mykje meir. Edvard Hoem evnar å fortelja ei særs spanande historie om den store norske utvandringa til Amerika. Og om dei som blei att heime: om småbruket i Moldelia der slåttekaren og kona hans, Serianna, lever eit liv prega av lengsel etter borna som har flytta ut. Særleg er det Eilert i Amerika dei uroar seg for.
Romanforfattaren Hoem viser stor innsikt og kunnskap om dei ulike vanskane som utvandrarane møtte i det nye landet. Han skriv levande om alt slitet. Om arbeidsdagar som byrjar ved femtida om morgonen og ikkje tek slutt før ved sekstida om kvelden. Det er langt mellom gardane og lite har dei til å hjelpa seg med. Diktaren syner stor innsikt i alt ein bonde måtte ta omsyn til for å kunne få gode avlingar. I mange høve var det stor skilnad på det som sto i amerikabreva heim og den verkelege kvardagen. Lengting heim til Noreg var meir vanleg enn folk ville vedstå seg. Boka baserer seg på sanne historier, men den fenomenale forteljaren Hoem diktar livet deira.
Eilert tenkjer mykje på korleis det går med foreldra sine heime i Molde. Om kveldane sit han og Martha og les i Bibelen saman. Begge finn stor trøyst i orda om ein plass i himmelens rike for dei som står fast i trua. Det religiøse er ein viktig tematikk i Hoems roman.
«Bror din på prærien» er ei av dei bøkene som er umogeleg å leggja frå seg før siste side er ferdig. Hoem fortel om livet og tankane til unge Eilert på ein stillferdig og svært truverdig måte. Lesaren vert kjend med og også glad i karakterane. Korleis går det med dei alle, Edvard Hoem? Du lyt driva på og skriva vidare om Eilert og Martha!