Kloke desperasjonsdikt

TEK SEG OPP: Det er når eg-et reiser seg mot dette andre, at det verkeleg vert sving på Hålands dikt, skriv BTs meldar.

«Romantikken er ikkje død / men malplassert / sit fast på oss som igler», står det i nokre liner hos Kjersti Wøien Håland i den andre diktsamlinga hennar, kalla «Panikk!».

Panikk er ei kjensle som ufrivillig veltar opp i mennesket og forbigåande tek kontrollen over det. Det er interessant å samanlikne panikkjensla med romantikkens oppfatning av poesien, for ifølgje romantikken vellar poesien fram som ei ukontrollert indre skaparkraft i mennesket. Panikken fungerer altså om lag som romantikkens versjon av poesien. Men panikk vert ikkje, i motsetnad til poesi, rekna som særleg genialt.

F258_Panikk_Cover_300dpi.jpg

Det er altså noko meir enn berre ordrima på gang mellom lyrikken, panikken og romantikken her. Alle tre representerer noko uformidla, og er i ei ukontrollerbar og ukrystallisert rørsle som knyter seg an til kroppen og sansane. Kortdikta til Kjersti Wøien Håland introduserer lesaren for eit ungt «eg» i 20-åra. Det uskuldsreine eg-et vaknar til den farlege verda, og kjenner ubehag og sterk framandkjensle. Verda som tvingar seg på, vert skildra gjennom fødselsmetaforar. Lesaren høyrer om hinner, at det vert pressa, og det går hol på noko. At dette er plagsamt, ber bileta tydeleg bod om, her vert brukt ord som «stikke hòl», «nål», «opne ribbein med brekkjern» og «innbrot». Til og med lydane vert så skarpe at dei konkret skjer seg inn i kroppen. Psykiske og auditive inntrykk vert omskrive til fysiske storleikar. De er ikkje nett originalt grep eller bilete, men det fungerer.

Eit moderne individ vil sjølvsagt vere fritt og ikkje late seg dominere av noko. Når poeten Kjersti Wøien Håland leikar seg med likskapen mellom romantikkens oppfatning av skapinga og den prosaiske, lammande panikkjensla, arbeidar ho med utgangspunkt i ei indre splitting i individet mellom fornuftige og irrasjonelle krefter, og mellom dominans og underkasting.

Det er difor naturleg at dikta òg fell i to grove kategoriar. Først er det dikta prega av ein litt slentrande, småtøff, distrahert tone. Deretter, frå cirka side førti og utover, skjer det noko. Dikta vert no kvassare, stilen meir kontant og reinskoren.

Ein merkar desperasjon i versa; ein større energi og konsentrasjon kjem inn i uttrykket. Kanskje skjer det fordi dikta no vender seg konfronterande mot eit du, som ein anten kan sjå som personifikasjon av panikken eller romantikken. Underteksten er eit avslutta kjærleiksforhold der kjærleiken no er erstatta med bitterheit og avsky.

Bileta er òg vorte enklare : «bli dei lumske trea / med tusen fingrar / som peikar mot alt / anna enn seg sjølv». Her synest eg dei beste dikta finst i samlinga, og eg ønskjer meir av det trykket som er her: «eg har døypt om / hjartet / til kjøttklokka fjern all / romanse / hjartet bankar ikkje / for nokon / det tel ned».

Det er snakk om to måtar å ta inn verda på, ein der ein verkeleg erfarer at verda finst og er noko anna enn ein sjølv. Og ein der verda berre kjem til ein i kunstig form, som masker utan erfaring. Panikken, dette framande som grip inn, skjerpar i alle fall poesien. Det er når eg-et reiser seg mot dette andre, at det verkeleg vert sving på Hålands dikt.