Bok nummer fire i serien om krigsseglaren og lettmatrosen Halvor Skramstad frå Østerdalen kjem neppe til å skuffe lesarane som har vorte begeistra av dei førre banda i den breitt anlagde, historiske sjøromanen «En sjøens helt».Forteljinga om sivile sjømenn i den norske handelsflåten som kryssa verdshava og ofte vart torpederte, og som etter krigen verken fekk æra eller kva dei vart lova, fyller heilt tydeleg eit tomrom. Eller dei skapar, som vi skal sjå om litt, ei trygg hamn i notida.
I «Blodige strender» møter me Skramstad i aprildagane 1942. Han er i New York og får vite at han har hamna på Nortraships liste over «Bad Elements». Likevel får han hyre på stykkgodsskipet «Kronprins Olav», som no er lasta med ammunisjon og våpen.
Skramstads ferd i boka går vidt og breitt, med svingar innom Gibraltar, Afrikas vestkyst, Halifax og Skippers’ Hill i Canada, heile tida lengtande etter kjærasten Muriel Shannon i Liverpool. Trass eit tidvis noko varierande framdriftstempo i den kunnskapsmetta og detaljrike forteljinga, toppar spenninga seg fleire gonger. Då skipet «Kronprins Olav» er i konvoifart i over Atlanterhavet og fleire skip i konvoien blir torpederte og senka av tyske ubåtar, sitrar det med nerve i framstillinga. Ramsalt og eventyrleg gnistrar òg prosaen når Skramstad vert rekruttert til ein topphemmeleg operasjon som skyttar på skipet «Miagem», og siglar mot kysten av Vest-Afrika.
Kanskje er det moralsk småproblematisk at ein let seg rive med, når ein veit at konvoifarten innebar ein tragedie. Mange omkom, andre fekk liva øydelagde av krigstraume.
Kameratskapen og arbeidsfellesskapen på sjøen er, som i dei føregåande bøkene, skildra med sans for frodig sjargong, dramaturgisk snert i replikkvekslinga og ikkje minst presise kunnskapar om sjølivets terminologi og krigshistoria. Somme vil sikkert meine at enkelte karakterar snakkar som eit konversasjonsleksikon, dei ramsar opp detaljinformasjon om skip, fart og reiarlag, og rapporterer lektoralt om krigsstoda i Stillehavet, i Nord-Afrika og austfronten. At sjøfolk var opptekne av og kunne mykje om dei ulike båtane, er svært sannsynleg. Og at suget etter informasjon om utviklinga i krigen var stort, er lett å forstå.
I ein historisk roman gjeld det å skape truverde. Truverdet er avhengig av at ein, som Michelet demonstrerer til fulle med denne boka, er etterretteleg med fakta. Dei utgjer ramma for fiktive avstikkarar og dikta element.
Ein kan spekulere i om historiske romanar vert suksessar fordi samtida vår fortonar seg kaotisk og ubegripeleg. Fortida, uansett kor krigsherja ho har vore, kan paradoksalt fungere som ei trygg og oversiktleg øy for notidslesaren.
Men kanskje er det enklare: At Jon Michelet faktisk igjen har skrive ein svært litterært dugande miks av historisk fakta og fiksjon.