På eit Skavlan-program fortalde den då avgåtte statsministeren Jens Stoltenberg om kor tomt det var i huset då ungdommane hans hadde flytta ut. Det var ein fase av foreldrelivet han ikkje var budd på, sa han.No har Guro Hoftun Gjestad kome han eit godt stykke i møte med boka «Storbarnsliv», som kjem ut i dag.
Ei salig blanding av intervju og refleksjonar, av glimt frå ungane sine ustø ungdomssteg og synspunkta til ulike typar ekspertar, av livet-journalistikk og dyrekjøpte eigne erfaringar, gjer ein kvar som les boka klokare på ungdomstida til norske born. Foreldre får også skjerpa synet på si rolle — eller sin skjebne, om ein vil. Som romanforfattaren Elena Ferrante seier det i eit intervju: For barn vil foreldra alltid vera eit brysamt element.
Guro Hoftun Gjestad er også forfattar av skjønnlitterære bøker, og VG-journalist. I ein svært mykje delt kommentar i fjor, «Kjære storbarnsforeldre», skreiv ho om livet med store barn - og kor påfallande lite litteratur og rettleiing det finst for vaksne med tenåringar i huset. For alle foreldre som skjønar at oppsedinga snart er over, og kjenner både glede og sorg ved at reiret skal bli liksom ribba. For alle dei som lurer på om dei set for få grenser, eller bryr seg for mykje. For alle dei med speleavhengige ungdommar, og ungdommar som lir av eteforstyrring. Sjølvmord og depresjonar blir tematisert, og skilsmisseliv. Hoftun Gjestad har skrive ei sentral bok for vår tid.
Les også:
Forfattaren spør kvifor det er slik at småbarnsforeldre får all verdas, internett inkludert, råd og vink, medan dei med ungdommar inn og ut av huset famlar så mykje i blinde. Gjennomgåande søkjer ho svar slik journalistar gjerne gjer — ved å kontakta og ringa ulike typar ekspertar. Hjerneforskarar slepper til, evolusjonsbiologar likeins, og meir klassiske skulerte psykologar og pedagogar. På eitt plan er difor «Storbarnsforeldre» eit symptom på den ekspertifiseringa og spesialiseringa som småbarnslivet har gjennomgått, og som for så vidt gjeld heile samfunnet vårt. Men grunnleggjande sett er ikkje ein psykolog meir profesjonell på livet enn kven som helst annan av oss.
Er det skadeleg og usunt når ungdomar murar seg inn på romma sine med førstepersons skytespel og Tumblr? I prinsippet kunne Hoftun Gjestad like godt ringt ein forfattar, eller filosof, eller ein nabo for å få svar. Viss ikkje foreldre kjenner att éin av sine verdiar i ungdommen, er det eit legitimt omsyn i diskusjonen.
Hoftun Gjestad har gjort ein rosverdig jobb i alle foreldra ho har oppsøkt, og alle ungdommane som ho også intervjua, og vier plass i boka si. Ho viser slik eit av foreldreideala sine i praksis: Å ha store øyre og liten munn. Ein må lytta meir, og snakka mindre.
Iblant er det likevel for liten munn i boka, i den tydinga at intervjua er for refererande. Kritiske motspørsmål hadde gjort ein del av intervjusekvensane betre. Dette elementet av opprør som blir etterlyst, til dømes, kven har sagt at det må skje i kvar ungdomsgenerasjon?
Eit anna sakn kjenner denne lesaren på: At Hoftun Gjestad har intervjua så få fedrar. Det er eit kvinnefellesskap ho manar fram, og skapar på ny, nesten på same måten som alle bloggane for småbarnsforeldre, om enn ufrivillig.
I dei beste partia er «Storbarnsliv» upretensiøs og effektiv sakprosa. Idealet til slutt i boka røyrer ved noko heilt allment: «Nå skal vi legge hendene på ryggen, vi må ikke stå i veien. Men vi skal være der.»
Les også: