Det er ein svir å lese Odd W. Suréns siste bok. Ein del av forteljarane og personane ein møter i desse snurrige tekstane ballar seg inn i meir eller mindre umoglege tankerekkjer. Dette fører dei ut på viddene, der dei kanskje alltid har ønskt å vere, i fred for verdas kjas og pinsame, granskande blikk.
Samstundes blottstiller dei monologiske ordkvernene personane på ein ufriviljug komisk og lite flatterande, men altfor menneskeleg måte. Det overdrivne søkjelyset på å ta kontroll over tinga og verda, inkludert maska ein presenterer av seg sjølv, verkar mot si hensikt.
Figurane ønskjer berre å vere i fred og gjer mykje for ikkje å hamne i andre sitt fokus: «helst burde man bare leve som et aldri verifisert rykte», slik ein av Suréns fantastar for anonymitet og beint fram barrikadering uttrykkjer seg.Kven som verkeleg er kven, eller kva personane i desse tekstane verkeleg har gjort av alt dei påstår dei ikkje har gjort, er slett ikkje alltid enkelt å få greie på. I teksten «Edit» blir lesaren vitne til ein hugs som slett ikkje er heilt patent, noko som ikkje hindrar personen i å halde fram å minnast Edit som budde over gangen.
Verkeleg vilt blir det i monologen «Kort fortalt, rent hypotetisk». Her modererer og distanserer personen seg frå diverse kjensgjerningar av det uhyrlege og kannibalske slaget, ved å stille dei fram i form av tenkte tilfelle og hypotesar.
At Surén har tileigna boka «Til fru Blom. Nåjå, fru Blom og fru Blom, fru Blom», står fram som treffande med tanke på tekstane sin karakter. Biografien til barnelækjaren og forfattaren Alexander Brinchmann (1888-1978), opphavsmannen til Fru Blom-frasa i lystspelet «Karusell», spelar dessutan ei slags rolle i boka òg.
Det finst likskapar mellom nokre av figurane og Brinchmanns biografi. Brinchmann gav ut krimromanar under pseudonymet Roy Roberts. Også hos Surén finst det ein eks-lækjar, men han fortrenger sin tidlegare yrkesidentitet fordi han skal ha vore borti nokre uheldige episodar. I staden freistar han å etablere seg som forfattar som skriv under pseudonymet Olaf Dønski. Denne forfattaren skal òg ha skrive ei av dei føregåande novellene i boka til Súren.
Desse upålitelege forteljarane kamuflerer si eiga ferd i verda. Ja, dei bedyrer at dei ikkje ønskjer å verte sett, men her finst også ein forfattar som midt i biografien hissar seg opp over den biograferte som tydelegvis kjem ut med opplysningar som forfattaren ikkje har fått kjennskap til.
Boka er i sin heilskap tematisk stram og velkomponert. Å late tekstane inngå i ein slags dialog og samanheng med kvarandre, er eit godt grep. Samstundes er tekstane svært varierte stilmessig og dramaturgisk. Men Surén kan også fortelje som ein Alf Prøysen, med frodig dialekt og sving i replikkane. Suréns siste bok kan med fordel skrivast ut på resept.