«Vingebelastning» opnar med nyhendet om MH370, det malaysiske flyet som forsvann på sin veg mot Kina 8. mars i fjor. Hovudpersonen Andreas er langtidssjukemeldt etter ei lita trafikkulykke, og får tida til å gå med maniske djupdykk ned i konspirasjonsteoriane rundt den mystiske flyforsvinninga. Når han då ikkje er hos psykologen Bjørnar, som utreier han, eller fastlegen, som medisinerer han, eller Nav, som stadig forlengjer sjukemeldinga hans. Og når han ikkje fører stadig meir fastlåste samtalar med kjærasten Hanna.
Andreas er litt «annleis», men ikkje verre enn at han har fått seg ein stødig kjærast, ei flink utdanning og ein relevant jobb. Men idet romanen byrjar, er han litt som eit fly på avvegar; han har mista både oppdrifta og retninga. Dei fleste rundt han, inkludert lesaren, skjønar at han burde ha brukt kreftene sine på noko av det tekniske han brenn slik for, og ikkje berre viljelaust følgt straumen inn i ei tidstypisk utdanning «innan media». Så langt i sitt 30-årige liv har Andreas takla verdas påtrengjande kaos med å ordna tankane i tallsystem og strenge ritual. Dette har fungert greitt for han, og dei som er glad i han har ikkje sett på det som noko problem. På sjukehuset etter trafikkulykka, derimot, gjer einkvan eit lite notat i journalen hans om at desse opphenga kanskje bør utreiast.
Andreas blir først skremd av dette, men let seg likevel granska, og gradvis let han òg den nye diagnosen fylla heile tilværet med meining. I tillegg får han sterke medisinar som gjer han slapp og svimmel og sementerer kjensla av at det er heilt rett å bli heime i senga og saumfara barndomen i tankane for å sjå om ikkje sjølv tilsynelatande uskyldige minne eigentlig kan romma eit traume.
Godt hjelpt av psykologen sine skjemastyrte spørsmål overoppfyller Andreas vitsen om at det aldri er for seint å få seg ein ulukkeleg barndom. Nokså raskt byrjar den nye sjølvsentreringa å tæra på dei fleste av dei gode relasjonane hans.
Flatland sitt språk er flatt, men funksjonelt, og tikkar av garde som eit pålitelig lite urverk i arbeidet med å byggja opp ei tankevekkjande forteljing. Historia blir drive fram av spenninga mellom kva omgjevnadene meiner, kva psykologen latar til å tru han oppnår og den faktiske verknaden orda hans har på Andreas.
Romanen inviterer fleire stader til å diskutera Andreas som representant for den generasjonen som er blitt fortalt at dei kan koma så langt dei vil her i livet, men som av og til vel å ta seg en kvil hos Nav i staden for den lange og slitsame ferda mot stjernene. Etter mitt syn er romanen langt meir interessant på det planet som opnar opp for refleksjon rundt diagnostisering, stakkarsleggjering og ansvarsfråskriving.
Helga Flatland har skrive ein romantrilogi før, og for Andreas sin del kan vi håpa på at ho planlegg noko slikt igjen, for idet romanen sluttar av, heng det vesle flyet, som er lagnaden hans, heilt stille i lufta. Alt ligg til rette for ei stygg krasjlanding, men det er enno så vidt rom for å retta opp — eller ta ein heilt uventa sving.