Jonathan Franzen har etablert seg som ein suksessrik romanforfattar, men òg som ein gretten kritikar av populærkulturelle fenomen. Sist synte han det med «Krausprosjektet», ei fotnotekommentert omsetting av nokre ramme essays av den austerrikske mediekritikaren Karl Kraus (1874-1936).
I den nye romanen «Renhet» introduserer Franzen først karakteren Pip, eller Purity som er hennar rette fornamn. Pip er i byrjinga av 20-åra, jobbar som telefonseljar og bur i eit nedslite kollektiv med ein gjeng andre skakkøyrde yngre folk i Oakland, USA.Forutan at namnet hennar spelar på Dickens Pip i «Great expectations», leitar Pip etter far sin. I leitinga etter identiteten sin, kjem ho i kontakt med Andreas Wolfs varslarnettstad Sunlight Project og får praktikantplass der. Wolf driv verksemda frå Bolivia og lek hemmelege dokument og e-postar frå offentlege og private verksemder og får skiten fram i sollyset.
Seinare hamnar Pip som spion hjå Tom Aberant, som driv eit ideelt internett-tidsskrift for undersøkjande journalistikk i Denver. Pip vert driven inn i underleg kvervelstraum mellom Tom og Andreas.
«Renhet« er på mange vis ei omfattande bok, bokstavleg med sine 650 sider, og vidare fordi han presenterer lesaren for ei kaotisk rekkje tema og sideforteljingar, alt rett nok pent føyd saman. Forteljinga tek lesaren geografisk frå USA, Sør-Amerika til Berlin, men òg bakover i tid, attende til DDR-historia og stasiveldet.
Boka byd på sexskildringar i nære og fjerne relasjonar, og som i eventyra er den lutfattige eigentleg ein arving til enorme rikdommar. Og, som om dette ikkje var nok, hyser romanen lik ein thriller eit rovmord og løyndomar som både knyt saman folk og sender destruktive slagskuggar inn i framtida.
Forteljinga dreiar seg mellom anna om identitet, eit fenomen som er vorte vanskeleg for mennesket etter internettet kom, der det er mogleg å presentere regisserte bilete av seg sjølv, medan denne sjølvpromoteringa på side produserer informasjon som blir samla og selt vidare av tredjepartar. Dette er eit narsissistisk spel som ikkje openberrar noko om dei verkelege liva, synest romanen å meine. Pip, som manglar bitar av forteljinga om seg sjølv, vert eit offer for manglande informasjon om sitt eige liv, ein informasjon mange av dei andre aktørane i romanen sit på. Saknet av denne kunnskapen verkar å styre hennar ferd og lagnad.
Gjennom den nemnde Kraus-boka knyter Franzen seg til ein kompromisslaus kulturkritisk tradisjon. I den omfangsrike romanen er mediekritikken, eller rettare teknologipessimismen, det mest iaugnefallande trekket. For å omskrive ei aforisme av Karl Kraus, er Franzen som teknologikritikar ein person utan idear, men med evna til å uttrykke dei.
Vel leverer han ein frodig og tankevekkande samtidsdiagnose, men det loddar kanskje ikkje så djupt. At nye teknologiar har gjort arbeidet og kvardagen lettare, verkar det som om forfattaren ser vekk ifrå. Men kanskje er ikkje Franzen ein drastisk datamaskinknusar, kan hende slår han berre kritiske bresjar inn i teknologioptimismen og peikar på at det er dei verkelege, og ikkje dei sjølvframstilte liva, det gjeld om å leve her på jorda.
Mest forstemmande er kanskje framstillinga av dei kvinnelege rollefigurane. Dei står tilsynelatande fram som stereotype objekt for dei mannlege personanes blikk og begjær, manipulerbare. Dei er skjøre byte for mannleg kjønnsliv. Mykje av framdrifta i romanen kan faktisk tilleggast kjønnsdrifta. Men ein bør òg ha i mente at dette er ein roman der tinga og menneska alltid er annleis enn det dei gjer seg ut for å vere. Og kanskje er den verkelege helten i romanen, om éin skal utpeikast, ei av kvinnene.
Franzen skriv ikkje prosa av så høgt merke at ein kan lese avsnitt om att for nytingas skuld. Alt som skjer her, er underlagt ein større forteljarstruktur og underordna eit dramaturgisk grep. Stilen er utan variasjon, konsumprosaen durar og går frå byrjing til slutt. Romanen har kan hende altfor mykje han skulle ha sagt. Kanskje burde Franzen lytta til innsikta som ligg i ein av aforismane til hans andelege rettleiar, Karl Kraus — her lettare omskriven: Forfattaren skriv fordi han ikkje har noko å seie, og han har noko å seie fordi han skriv.