Teppet som ikkje vil flyga

Laila Bokhari er ingen kven som helst. Ho er utdanna i statsvitskap i Storbritannia, Nederland og Sveits, og har tenestegjort i FN i New York. Ho sat i 22. juli-kommisjonen, og ho arbeider no som statssekretær på statsministerens kontor (med mammapermison i haust). Ho er på maktas tindar her i Norge.

Ein kunne tenkja det er ei fantastisk karriere— og klassereise, frå ei Lillehammerdotter av mor utan høgare utdanning og ein far som importerte filleryer frå Pakistan. Som om det ikkje alt var nok, er ho også forfattar av fleire bøker.

Arven etter far.jpg

Men så var faren ingen kven som helst innvandrar heller. Familien hans heime i Pakistan var høgst bemidla med hotell og eigedommar, og det var som noko bortkomen, men slett ikkje utstøytt son i London han blei kjent med denne norske kvinna som forelska seg i han, og som drog heilt til Faisalabad for å få han.Les også:

På Lillehammer var han den første innvandraren frå Pakistan, men han var også ein mann med mange kontaktar, og ressursar å falla tilbake på. Han blei rik på produksjon av filleryer i Pakistan, kopla mot import til Norge, og oppretta ein jenteskule i Sultanabad på sine eldre og rike dagar.

Det er om denne arven , og om denne handlekraftige Aywar Bokhari at statssekretæren og dottera har vilja laga ei bok. «Arven etter far» er skriven i samarbeid med frilansar og sakprosaforfattar Åshild Eidem. Men den på framsida takka «ghostwriteren» har ikkje forløyst stoffet, eller skapt den nødvendige distansen mellom Laila Bokhari og figuren som blir heitande «Papa» i boka.

Les også:

Biografien er snublande nær heltekvadet. Det er lettare for lesaren å beundra gründeren Bokhari når ein også får sjansen til å studera han i kontekst, og i ulike perspektiv, ja med ironiske og kritiske element, til og med.

Eidem har leita seg fram til «Papa«s kreftsjukdom og etterfølgjande dødsleie, det er der boka byrjar og hentar liksom styrke. Men det er nesten fælt å seia: Vi skal alle døy. Det er i mykje meir litterære kraftfulle framstillingar, som i Kjartan Fløgstads «Fyr og flamme» at koplingane og lakena på sjukehuset blir noko meir enn livets altfor prosaiske utgang, slik som i denne boka.

Les også:

Eit anna døme på slapp litterær omgang med stoffet, er drøftingar av kvifor Bokhari valde å flytta tilbake til Pakistan frå det frie og søte livet i London. På side 31 er det framstilt som den store gåta for dottera. På side 25 har den same bestemminga fått ei heilt opplagt og nokså endefram forklaring: «I Pakistan hadde han alt».

Boka røper endeleg materiale nok til ei interessant livsskildring og til studium av kulturar og kulturar i endring. Kanskje kunne farsarven vore framstilt meir problematisk, som ei bør og som ei forbanna forplikting?

Slike uærbødige spørsmål hadde kan henda forløyst eit lite fordøyd familiestoff. I sum er «Arven etter far» hemma av for lojale og sterke familieband. Truleg hadde historia blitt mykje meir leseverdig og interessant om Åshild Eidem skreiv henne på fri basis — og ikkje som Laila Bokharis hjelpande hand.