Hans Sande er ein velsigna uføreseieleg forfattar. Ofte pirkar han i og utfordrar gjengse språklege, moralske eller politiske førestillingar. Sist gjorde han det med biletboka «Pappa er sjørøvar», som førte til at den israelske ambassaden reagerte sterkt. I den ferske diktboka «Kunsten å somle» røskar diktaren opp i ei sjuke som verkar å ri samfunnet, særleg forkynna av dei økonomiske og politiske elitane: effektiviteten og den formålsrasjonelle, eller rettare sagt, profittrasjonelle tenkje— og arbeidsmåten. Denne fortrenger det sanselege og undergrev både den eksistensielle undringa og gleda ved å vere til. Diktareget vender i opningsdiktet «Jordson» attende til opphavet, eit gammalt småbruk. I dikta høyrer me korleis eget slår graset og hesjar og set i stand ei gammal løe. Arbeidet kallar fram minne om besta og besten. Sett i lys av dagens rasjonelle driftsformer, vert gamle, tungdrivne og tidkrevjande arbeidsmåtar, slik som å hesje, ein somlekunst. Somlinga er også ein erkjenningsveg som leiar hit og dit og attende til barndomens rike. Somlinga fortrenger egoets sjølvmedvit og opnar for mangfaldet i verda, og lar til dømes diktareget hugse tilsynelatande uvesentlege ting, slik som ordet «velefjør», som kan tyde ei samling av halefjør eller det å vimse.
I dei tre avdelingane finst dikt om kjærleik og einsemd side om side med dikt som tek innover seg klimakrisa og den industrielle naturøydelegginga. Sande skriv korte dikt med språklege overraskande vriar. Eit fenomen har i desse dikta minst to eller fleire vrangsider. Dikta har ein ironisk, skjemtefull og alvorleg snert som ofte får ein til å humre og tenkje. I tråd med Sandes samansette poetiske univers, vert kjærleiksdikta para med dikt som skildrar avskil og fråstand: «Brevet ditt skrik / at eg kan velje fritt / mellom krig og forsoning / Du har sleika på frimerket / Eg kjenner att stanken (...).»
Kanskje lesaren tykkjer det er snodig og gammalmodig at eit papirbrev dukkar opp i eit dikt i 2015, men til forsvar kan det føyast til at papirbrevet representerer ein nærmast gløymt somlekunst.
«Nedsmelting» er eit døme på korleis Sandes tvisyn held fram overraskande, undertrykte sider ved fenomena og verda rundt oss, som her når snøen trekkjer seg attende og det blir vår: «Så kjem huda til syne / med blåmerke / isbrann / livlause restar av noko som blømde (...).» Diktet kan jo sjølvsagt òg godt lesast som eit aldringsdikt. Sande verkar å søkje etter ein skjønn, og kan hende brutal, balanse i tinga og i kunsten:
«Ei smekker line () / Solid nok til å halde meg oppe / men ikkje så sterk at eg kan hengje meg.»
Styrken i dikta ligg i at dei rotar til i dei språklege vaneførestillingane og skriv fram oversider og undersider i tilveret ved å kombinere både råskap, villskap og ømheit. Opp mot det vankunnige kunnskapssynet som herskar for tida, der kunnskapane må kunne målast og teljast for å bli rekna som kunnskap, set Sande klokskapen. Han auser i dikta frå kulturens visdomskjelder, frå bibelsoga og mytane.
Kanskje når ikkje alle dikta opp i det aller øvste sjiktet. Men somlekunsten har jo ein tendens til å snu om, å undergrave seg sjølv, ved plutseleg å gå dit når han er komen hit.