Det er mange som har vilja setja Arne Garborg i bås. Venstrefolk og målfolk, naturlegvis. Nymarxistar og humanetikarar. Kristenfolket på Bryne feira han så mannen sjølv vreid seg og skreiv at «det er kje for meg det vart halde fest». Og somme har jamvel funne frampeik mot fascismen i denne diktaren som føddest i 1851, og døydde i 1924.«Han kjem heim, men heim til ideologane, ikkje heim til seg sjølv», konkluderer Jan Inge Sørbø, som med boka «Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland» har levert det hittil siste tilskotet til floraen av Garborg-biografiar.
Sørbø står på akslene til tidlegare Arne og Hulda-biografar som Rolv Thesen, Tor Obrestad, Sigbjørn Reime, Sigrid Bø Grønstøl, Alfred Fidjestøl og Arnhild Skre. Han er raus med referansane, men lar heller ikkje vera å koma med lågmælt, men tydeleg kritikk når han meiner det trengst.
Kva tilfører så Jan Inge Sørbø sjølv til den store forteljinga om Arne Garborg?
For det første loddar han djupare i psykologien enn nokon annan biograf eg har lese. Alle som har skrive om Garborg, legg naturlegvis sterk vekt på det vanskelege forholdet mellom far og son, og framfor alt det livslange traumet som sinnssjukdomen og sjølvmordet til faren Eivind var for Arne. Sørbø har likevel som ambisjon å frigjera seg frå Garborgs eigne skildringar av dette og vinna innsikt i «forhold diktaren sjølv ikkje ser, eller ikkje ønskjer å sjå».
Sørbø går så langt som til å parallellføra farens livskrise med liknande kriser i Arnes liv, og meiner det kan vera resultat av ein «veksande identifikasjon» med faren. «Eivind Garborg enda livet for eiga hand i 1870. Då var han 48 år. Arne Garborg var 48 år i 1899, det året han karakteriserte seg sjølv som sinnssjuk.» Sørbø dreg også ein liknande parallell i samband med ei krise i Arne Garborg sitt forhold til sonen Tuften.
Den slags kan fort tippa over i rigid talmagi, men Sørbø held seg på den rasjonelle sida, og leverer eit psykologisk portrett av Garborg som både er grundig og truverdig, og som viser samanhengen mellom liv og livsverk.
Og det er krevjande nok, for mannen kan verka som ei einaste stor sjølvmotseiing. Han sleit store delar av livet med depresjonar, han kunne verka puslete og hjelpelaus, og historiene om den fjerne og folkesky Garborg er mange. I motsetning til Bjørnstjerne Bjørnson var Garborg eit «holedyr», skriv Sørbø.
Samstundes var denne bondeguten frå Jæren alt som 30-åring ei stjerne i det intellektuelle miljøet i Kristiania. Han provoserte makta med stor kraft, skarp ironi og ein humor som han burde ha vore meir kjend for i ettertid. Og han etterlet seg eit enormt livsverk; dikting, journalistikk, polemikk, filosofi, omsetjingar.
Sørbø har ei banal forklaring: han hadde lært seg å arbeida. I tillegg kom ein heilt uvanleg intelligens, og ei intens leiting etter sanninga — sjølv om den skulle føra til helvete, som Garborg skreiv ein gong.
Og dermed er me over på den andre store styrken ved boka, nemleg framstillinga av Garborgs forhold til det religiøse. Her har Sørbø, med sin bakgrunn frå det kristne miljøet i Ryfylke, spesielt gode føresetnader til å forstå og formidla. Ikkje minst minner han oss om kor viktig religionen faktisk var for menneska i Norge på Garborgs tid, og dermed også kor dramatisk brotet hans med kristendommen var.
Sørbø er personleg nok til å vedgå at «eg høyrer til dei som opplever det smertefulle i at han måtte gje opp kristentrua». Men han fell aldri for freistinga, som kristenfolket på Jæren i si tid, til å framstilla Garborg som ein «heimkomen son» også i religiøs forstand. I staden gir han oss kvalifisert innsikt i Garborgs kamp for å finna eit nytt fotfeste, eller som han sjølv sa: «Når ein ikkje lenger kan tru på barnets vis, må ein tenkja på mannens.» Ferdig med den religiøse dimensjonen vart Garborg aldri.
Sørbø viser djup beundring for objektet sitt. Han nøler ikkje med å slå fast at Garborg toppar tre lister frå 1800-talet: «Fred» er den beste norske romanen, «Haugtussa» er den beste diktsamlinga, og «Læraren» er det største nynorske dramaet. Ein kan diskutera kor meiningsfylt den slags er, men me lever jo midt i ei kåringstid.
Likevel legg ikkje Sørbø skjul på dei problematiske sidene ved Garborg. Mot kona Hulda og sonen Tuften kunne han vera både usympatisk og urimeleg. Dei siste verka hans tapte seg mykje i litterær kraft. Og sjølv den grunnleggjande demokratiske Garborg kunne forfalla til billeg åndsaristokrati.
«Å lesa ein god Garborg-tekst er som å få eit handtrykk som er så sterkt at det smertar,» skriv Sørbø. Fingrane er visst litt kvite etter boka hans òg.