Delane større enn heilskapen

STJERNESTATUS: Josefine Klougart, fødd i 1985, har i løpet av ung alder og ganske mange bøker, vunne bortimot stjernestatus i Danmark, og etter kvart i heile Norden. Vår meldar rosar den siste boka hennar, men med atterhald. FOTO: OLA TORKELSSON, TT

Eg får lyst til å referere til noko som står eit stykke ute i notatbøkene til Leonardo da Vinci. Der handlar det om kvifor målarkunsten er overlegen den poetiske kunsten. Leonardo kallar måleriet ein stum poesi. Poesien omtalar han som eit blindt måleri.

Josefine Klougarts ferske bok «Om mørke», med sine sterke poetiske passasjar, kan ein sjå som eit blindt verbalt måleri. Fordi fenomena litteraturen skildrar ikkje er presente og synlege for auget, og må framkallast i lesaren, har litteraturens og poesiens indre bilete noko mørkt og skuggefullt ved seg.

Språkbileta er heller ikkje stabile, for folk har ulike assosiasjonar og erfaringar knytt til orda, og tydingar forandrar seg over tid. Det var eit problem for Leonardo, oppteken som han var av å perfeksjonere det evige. Klougart, derimot, er oppteken av forvandlingar og endringar, av å undersøkje den eksistensielle tydinga av det omskiftelege. Den konkrete augneblinken er truga av formørkinga: «Øyet gråter fordi det hele tiden mister noe».

Danske Klougart debuterte i 2010 og har allereie gjeve ut seks bøker, fire av dei romanar. To av dei, «Stigninger og fall» og «En av oss sover», ligg føre på norsk. Forfattaren er nominert til Nordisk Råds litteraturpris, faktisk to gonger. Klougarts stillferdige lyriske prosa er blitt rost og stilen hennar samanlikna med både Marguerite Duras og Virginia Woolf.

Jamvel om motsetnadar tørnar saman og blir slipt mot kvarandre i prosaen til Klougart, ligg den debatterande forma langt unna litteraturen som blir skriven fram i boka. For å seie det med forgjengaren Woolf, så er det ikkje nett tale om fiksjon før lunsj og essays etter teen i «Om mørke». Tittelen har essayets typiske innretting Om . Det er ei undersøking, ei vandring i emnet, men også i ulike litterære skrivemåtar.

Klougart nyttar mange former i boka, både dikt, prosa, prosalyrikk, skodespel, forteljing, essays og blandingsformer. Litteraturen veks så å seie fram av ein organisk pust eller vekselverknad mellom mennesket og språket, nærast utan omsyn til etablerte, ytre sjangerhierarki.

Som lyrisk prosa er det ein omfattande tekst, over 300 sider. Den er delt i ni bolkar ved hjelp av 18 av forfattarens eigne fotografi. Om ein er flaska opp på forteljande prosa, vil det finnast klare utfordringar her. Ein leitar etter eit system teksten kan ordnast inn under, men det finst ikkje, for «bildene er likestilte, det er ikke noe hierarki.» Ei oppsummering er nærast like formålslaus: Ein kan seie at her opptrer eit han og ho, det er tale om eit kjærleiksforhold som går mot slutten. Me høyrer om familiemedlemmer, også om hard drikking og sjukdom. Men stort lenger kjem ein ikkje på det nivået.

Teksten tvingar lesaren til å setje ned hastigheita. Og det er når ein les passasjar og enkeltformuleringar at ein let seg imponere, vekkjast av uro, stusse over alt det finurlege. Så les heller dei tilbakevendande motiva i boka, til dømes auge, perla, biletet, hestane, båtane, Søerne i København, som bokas hovudaktørar:

«Løse perler ser forlatte ut. / Nøtter som er knekket fri og ligger i et rot av nøtteskall. / Øyne uten øyehuler. / En enslig sko som står der på fortauet. / Det runde i verden uttrykker de enkleste lover for bevegelse. / Loven for det som flyter. De strømmende sirklene rundt et avløp. / Også vi to. / Når det strømmende forsvinner, hver gang noe går under, skjer det i sirklende bevegelser. / Form er en måte å meddele seg på, forbinde seg, en måte å lytte på. / Fra alle sider.«

Dette er fortetta, rytmisk og lyrisk prosa, med stadige biletmessige skifte, forgreiningar og forskuvingar. Mykje er på gang: Perler, nøtter og auge blir sette saman, men som ein ser, stoppar det liksom ikkje hos Klougart, ein får kjensla av ein prosa som med presisjon spreier seg grenselaust utover og kan halde på i det uendelege med å kaste av seg formuleringar, i stadige nye sirkelgangar. Og undervegs vevar han inn betraktningar om skriving og litteratur.

Enkeltdelane i denne boka er mykje større enn heilskapen. Litteraturen og den litterære erfaringa skjer i setningane og i detaljane, på kostnad av eit heilskapleg utsyn. Det er neppe ei alvorleg innvendig. Innvendinga mi, derimot, er at mange av dei fine og slåande formuleringane og passasjane rett og slett druknar i trykket frå all annan tekst, som også har kvalitetar. Ein kan stille spørsmålet om Klougart kunne lage fleire bøker enn denne eine. Boka er nok ikkje meint å skine som ei perle, djupast handlar det om å forstå perla, det som ligg i mørket, forminga og slipinga av ho, som ikkje berre er vent, men også vondt.

Om-moerke.jpg