Freden var så mangt

Fredsdagen: Den 8. mai 1945 køyrde bilar fulle av jublande menneske med norske flagg ned Karl Johans gate i Oslo. FOTO: AAGE KIHLE, SCANPIX

Me er alle tilbøyelege til å forenkla. Og den enkle forteljinga om 8. mai 1945 er at krigen tok slutt, freden begynte og dei gode hadde vunne.

I realiteten var historia langt meir kaotisk og mangfaldig, slik Ian Buruma viser i det glimrande verket om fredsåret, «År null». Egil Ulateig er mindre pretensiøs enn Buruma, men har noko av den same ambisjonen i si nye bok på Vigmostad & Bjørke forlag.

Boka «Freden» er ein serie enkelthistorier om menneske og hendingar.Til saman gir dei eit bilete av frigjeringa som kan minna om Bjørn Bjørnsens klassikar frå 1977 om okkupasjonen 9. april, «Det utrolige døgnet».

Ulateig har tidlegare forsøkt å gå faghistorikarane i næringa, og fått på pukkelen for det. Boka «Med rett til å drepe» frå 1996 hausta kraftig kritikk av uriktige og overdrivne påstandar om heimefronten sine likvidasjonar under krigen. Ein revidert versjon, «De gode mot de onde» vart gitt ut tre år seinare.

Det blir neppe like mykje støy denne gongen. Ulateig har ikkje noko mål om å avsløra skjulte sensasjonar eller å revidera historieskrivinga om 8. mai. Det aller meste av det han skriv, er kjent frå før. Samanstillinga av enkelthistorier kan sikkert gi oss, som Ulateig skriv i forordet, «et annet bilde av freden enn det bildet som har samlet nasjonen». Men kanskje er det tilstrekkeleg for dei fleste at dette er fascinerande og dramatiske forteljingar.

Dagane rundt 8. mai var for eksempel ei tid for cowboyane blant oss. Ulateig opnar boka med historia om Egil Hagen, jagarflygaren som blir skoten ned over Wilhelmshaven i april 1945, etter ei nokså fri tolking av angrepsordren. Hagen skyt seg ut, fallskjermen blir hengande i eit tre, Hagen brekker ankelen når han skal hoppa ned og blir tatt til fange og jult opp av tyskarane. Så klarer han å stikka av, og etter mykje om og men endar han opp på same flyet som den tyske generalen Alfred Jodl, som skal til Reims for å forhandla med general Eisenhower om fredsvilkåra.

Eller kva skal ein seia om den mystiske svensken Harry Söderman, som nokre timar opptrer som sjølvutnemnd politimeister i Oslo? Eller den belgiske nazisten og eventyraren Leon Degrelle, som hevda at han tilbaud Quisling å bli smugla ut av landet i fly eller ubåt? Eller den politiske kannestøyparen Selmer Alm, som prøvde å formidla kontakt mellom Quisling-regjeringa og Martin Tranmæl i Stockholm med tanke på at den kjende arbeidarhøvdingen skulle leia ei overgangsregjering?

Kjende heltar og skurkar har sin plass i boka. Me får fortalt om rikskommissær Josef Terbovens siste timar før han sprengde seg i lufta på Skaugum, om arrestasjonen av Vidkun Quisling, om kronprins Olavs triumfferd heim frå England og Stavanger-advokaten Trygve Wyllers lange og vanskelege veg heim frå konsentrasjonsleiren.

Dei meiningslause tragediane, som norske skip som blir senka av nidkjære tyskarar i krigens aller siste fase, eller jamvel på overtid, eller ungguten som blir skoten «ved eit hendeleg uhell» av heimefrontstyrkar, viser at freden og gleda ikkje kom til alle 8. mai. Dei som hadde stått på feil side, eller berre hadde ein far eller ei mor som hadde gjort det, opplevde tunge stunder. Men heller ikkje alle «vinnarane» gav seg over i sigersrusen. Påkjenningane og ofra hadde vore for store til det. Og kvardagen skulle snart krevja sitt.

Trygve Wyller skulle seinare analysera kjenslene og reaksjonane sine. Då han var fri, kjende han først og fremst tungsinn: «Jeg følte ingen glede over at jeg kom meg gjennom, men en bunnløs sorg over det jeg hadde opplevd.«

Egil Ulateig sjølv synest å ha størst glede når han kan utfordra etablerte svart-kvitt-oppfatningar om krigen, og løfta fram menneske som ikkje har fått den æra dei fortener. Blant dei er kommunisten Ragnar Sollie, leiaren for Pelle-gruppa, som ved slutten av krigen sat skadd og mishandla i kruttårnet på Akershus festning og venta på bøddelen. Den kalde krigen skulle setja han og kameratane hans i skuggen av andre motstandsfolk.

Men også diplomaten Niels Christian Ditleff er blant heltane til forfattaren. Ifølgje Ulateig var han den eigentlege drivkrafta bak dei kvite bussane som redda skandinaviske fangar heim frå konsentrasjonsleirane, og ikkje den svenske greven Folke Bernadotte. Likevel, også denne solskinshistoria har mørke islett. Fleire av dei norske fangane sleit seinare med skam og skuld for at dei, som var best stilt av alle, vart sette på bussar mot fridommen medan russarar, franskmenn og jødar vart verande igjen for å døy.

Egil Ulateig har ikkje skrive ny krigshistorie. Men dei gamle historiene er godt gjenfortalt.

9788241911101.jpg