Bløffen om heiltidsbonden

Dilting: Slik vil vi ha det: sauer som blir lokka til fjells (om enn det er med kraftfôr). Og slik vil Siri Helle ikkje ha det: at vi diltar etter Norges Bondelag i jordbruksforhandlingane (som baserer seg altfor mykje på importert soya). ARKIVFOTO: SILJE KATRINE ROBINSON

Jordbruksforhandlingane går sin skeive gang; tilbodet frå staten er milevis unna kravet til bondeorganisasjonane, og i skrivande stund er det uklart om forhandlingane vil bli brotne. Og bakom dette går det eit stadig ras: to jordbruksbedrifter blir lagt ned kvar dag! Finst det håp for norsk landbruk?

Siri Helle svarar eit rungande ja i boka «Skal landet gro att?». Agronomen og Dag og Tid-journalisten meiner mykje av løysinga ligg utanom spelet mellom stat og tradisjonelle bondeorganisasjonar. Særleg Bondelaget har altfor lenge godtatt ein premiss om effektivisering og stadig større bruk. Dermed har dei grave jorda bort frå det samfunnet og det faktiske heimelege graset bonden bør skapa. Det er ikkje nok å seia at matproduksjonen skal skje her til lands. Han må basera seg på norske ressursar, og ikkje på importert kraftfôr, meiner Siri Helle.

Boka hennar er delt i to. Først svarar Helle på kvifor vi bør ha landbruk i Norge, og dinest korleis vi bør driva jorda (meir enn ho ser på skogbruket inkludert). Ho skriv mest konsentrert og dermed best i første bolken: Både av omsyn til fortid og framtid — og global solidaritet - bør vi ikkje lata jorda forvitra, meiner ho.

9788282651318.jpg

Det er lett å sjå at Helle kan sitt fag, som utdanna i økologisk landbruk frå Sogn. Konkrete forklaringar om voksteriveren til bringebærplantar og oretre i opent lende, styrkjer teksten.

I den andre delen flyt framstillinga noko meir ut. Tanken går raskt til den kjappare boka «Kjøtthuer» av Svenn Arne Lie og Espen Løkeland-Stai (Manifest forlag), som vekte eit interessant ordskifte berre for to år sidan. Helle har stilt plogen noko djupare, på godt og på vondt. Den viktigaste steinen for Helle å få opp, er kor blinde vi — eller rettare sagt triangelet staten/samvirka/Bondelaget - er på stordriftsfordelane. Vi må heller spørja kva produkt vi får ut av produksjonen. Kva samfunn skal landbruket gje oss?

For å ta eit ferskt døme frå ordskiftet i Bergens Tidende som Helles bok skjerpar ein for: Når det blir hevda frå ein seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen at «mange bygder med ti til 15 gardsbruk kunne enkelt vore drivne som eit, to elle tre» - kan eitt motspørsmål vera om det framleis vil vera ei levande bygd. Og treng ikkje ein bonde kollegaer og samarbeidande naboar for å halda motivasjon og driftskompetanse oppe? Kanskje er ikkje heiltidsbonden - som landbruksminister Sylvi Listhaug lokkar oss med - så avgjerande likevel?

Av dei betre reportasjeelementa i Helles bok er ein studietur til Austerrike. Her får lesaren auga på gode alternativ, ja kanskje skulle jordbruksutdanninga også i Norge setja bonden i stand til å tenkja bigeskjeftar som gardsturisme, handverk, løypekøyring osv.

Løysinga for forhandlingsregimet er i alle fall klart etter Helles syn: Meir støtte til å halda bøar og stølar og fjellvidder opne. Mindre støtte knytt til den blinde (og effektive) produksjon.

Ein av styrkane i boka er at Helle ikkje er bastant. Sjølv om ho har utdanna seg i økologisk dyrking av jorda, er ikkje ærendet hennar å preika til dømes kunstgjødselens totale forbanning. Ho syner ei openheit, og talar for eit mangfald av driftsformer, så lenge produksjonen har eit sikte om verkeleg å bruka og bevara og forbetra norske kulturlandskap.

Ikkje alle tal er like overtydande brukt i boka. Ifølgje Helle vert seks til sju gardar avvikla kvar dag, eller bortimot seks prosent i snitt. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er dei ferske tala nærare to prosent.

Dei førebelse tala for 2014 syner nesten 43.000 jordbruksføretak sett landet og driftsformer under eitt. Siri Helle argumenterer iherdig, og dels mykje overtydande for at dette talet ikkje bør bli noko mindre - at bonden på sine mange små og store jorde er ein uvurderleg ressurs for det samfunnet mange i Norge seier dei vil ha.

Og kanskje har ho rett: at vi må krevja jordbrukspolitikken ut av dei innfløkte forhandlingane, og inn eit språk og problemstillingar vi forstår. Helles bok er ingen dum stad å byrja denne myndiggjeringa av oss sjølve.