Datoar er greie knaggar å henga historiske hendingar på. Men dei kan også vera farlege.
For oss i Norge og Vest-Europa er 8. mai 1945 ein slik knagg. Det blir flagga for fredsdagen kvart år, og i år, på 70-årsdagen, blir markeringa ekstra stor.
8. mai deler tida mellom krig og fred. Og ganske visst var dei regulære kamphandlingane over i Europa etter den tyske kapitulasjonen (japanarane heldt ut tre månader til). Dei krigsherja folka gjekk derimot inn i ein kaotisk overgangstilstand der kampen for å overleva ofte trumfa moralske normer, der hemnarar tok seg til rette og opportunistar snodde seg, men også der ein ny idealisme voks fram og utfordra brutaliteten og kynismen.
«År null » er eit portrett av året 1945. Det er ei historieframstilling av sjeldsynt kaliber, både i breidd og innsikt. Så har då også Ian Buruma eit uvanleg godt utgangspunkt. Den engelsknederlandske historikaren er spesialist på Asia og islam, professor i menneskerettar og journalistikk ved Bard College i New York, og hadde attpå til ein far som var i tysk arbeidsleir under krigen, og som i motsetning til mange andre, gjerne snakka om opplevingane sine. Dermed blir boka også delvis eit personleg prosjekt, sjølv om Buruma er fødd seks år etter krigen.
Forfattaren er på heimebane ikkje berre i Tyskland, Storbritannia og Nederland, men også i Japan, Indonesia og på Filippinane. «År null» er eit meisterverk i samanliknande historie, men også i mentalitetshistorie. Buruma bruker skjønnlitteratur, populærkultur, dagbøker, samtidige skildringar og minnestoff til å teikna tidsbildet sitt. Og i dette bildet er sex og svartebørs like interessant som storpolitikk.
Bildet har dessutan mange nyansar i grått. I 1945 var det ikkje alltid lett å sjå forskjell på skurkar og heltar, sjølv om enkelte gjorde sitt beste for å framstilla verda i svart-kvitt, då som nå. Menneske som har lidd mykje, er ikkje alltid edle og sympatiske. Konsentrasjonsleirfangane var ikkje alltid takknemlege overfor frigjerarane sine. Dei som var på «rett» side, var ikkje frie for brutalitet. Syndebukkar vart blinka ut, og uskuldige sende i døden ved misforståingar eller fordi det vart vurdert som politisk nødvendig. Dei sovjetiske krigsfangane i Vest-Europa vart regelrett lurte av britane tilbake i Stalins famn, og i mange tilfelle til ein ny forferdeleg leir.
Seinare historikarar har ofte etterlyst eit tydelegare oppgjer etter krigen, og forundra seg over kor mange krigsforbrytarar som fekk gå fri og kor fort ein gjorde seg ferdig med kritikken av nazismens tankegods.
Til dei har Buruma dette å seia: Folk orka ikkje. Dei allierte prøvde rett nok å driva antinazistisk omskulering av det tyske folket, med tvangsframsyning av filmar frå konsentrasjonsleirane. Det var lite populært. Mange tyskarar greidde rett og slett ikkje ta det inn over seg, og reagerte med mental sperre. Men framfor alt hadde menneska meir enn nok med å skapa seg eit nytt liv blant ruinane. Då var det ikkje rom for å dvela ved fortida, ein måtte sjå framover og tenkja praktisk.
«Kanskje menneskets opportunisme iblant er dets nyttigste karaktertrekk», skriv Buruma. Skulle etterkrigssamfunna kunna fungera, var det uråd å straffa eller utelukka alle som hadde svin på skogen. Då heller godta at nokon snudde kappa etter vinden, og i det minste fekk gjera nytte for seg.
Likevel vedgår han at det ufullkomne oppgjeret hadde sin pris. Både Tyskland, Japan og Italia opplevde på 1970-talet ein framvekst av valdelege, revolusjonære grupper som var motiverte av ei overtyding om at fascismen aldri var slått ned, men levde vidare i nye former. Dei var rett nok ikkje mange. Og for dei aller fleste både i og utanfor dei tidlegare fasciststatane, var den radikale endringa eit meir slåande trekk enn kontinuiteten.
Men sjølv om oppgjeret var ufullstendig og til tider urettferdig, viser Buruma at det var stor forskjell på dei landa som forsøkte å leva etter rettsstatens normer og dei som ikkje gjorde det. Sovjethærens valdtektsorgiar i det okkuperte Tyskland var sanksjonerte frå høgaste hald. I Jugoslavia, Frankrike og Italia vart tusenvis drepne i hemnaksjonar utan lov og dom. Kontrasten er stor til Robert H. Jacksons, USAs aktor i Nürnberg: «Vi må aldri glemme at på den grunn vi dømmer disse tiltalte, skal vi selv dømmes i morgen».
Jacksons ord peikar fram mot FN og andre forsøk på å skapa ein sivilisert internasjonal rettsorden. Idealismen var stor, og ofte illusorisk. Men også dét var ein del av det kaotiske år null som Ian Buruma så storslått har attskapt for oss.
Christian Rugstads omsetjararbeid står også til toppkarakter.