To konvertittar set kvarandre i stemne i ein samtale om kunst og gudstru. Då kan det fort bli mykje kos med katolisismen. Men denne boka har ikkje vore nokon koseprat: teologen Skjeldal syner fram Fosse i fullformat, med spørsmål over eit spekter frå «du trenar ikkje?» til «er trua vanskeleg for deg?» Isolert sett er somme av spørsmåla heller naive, og det krev mot både å stille og svare på dei.
Fosse svarer så openhjartig og i beste tyding skamlaust som berre ein stor kunstnar kan gjere det. Han lèt oss forstå at han har komme fram til den katolske kyrkja gjennom ein personleg lidingsveg og «hard» livsførsle. Viktigare er det likevel at han ser mysteriet i trua og mysteriet i kunsten i ljos av kvarandre. Dette handlar om det største og det vanskelegaste, om død, liding, stille, fred, kjærleik, vilje og fridom, for å plukke opp nokre av emna i samtalen.
Eitt for eitt vil vi finne igjen desse emna som motiv i bøkene til Fosse. I bøkene handsamar han dei kunstnarleg, men utan at han gir oss tydelege svar. I stilla og i det opne rommet mellom linjene og menneska på scenen ligg vel òg noko av det som er mysteriet i kunsten til Fosse. I samtalen med Skjeldal legg Fosse til ein ny dimensjon — den religiøse - representert ved krossen og forløysinga gjennom Kristus. Denne religiøse overskridinga kjem då i tillegg til den kunstnarlege overskridinga som ligg der inne i bøkene. «Det er ingen motsetnad mellom litteratur og tru, i alle fall ikkje mellom litterær modernisme og tru», slår Fosse fast.
Fosse har sjølvsagt rett, for i dette høvet er han sin eigen beste empiri og heimelsmann. Men han viser òg at litteraturvitskapen og teologien har mykje sams når det gjeld å nærme seg mysteriet i høvesvis kunst og tru.
Eivind Tjønneland hevda for nokre år sidan at norske forfattarar var på «lemenmarsj mot Gud». På eitt vis har Tjønneland rett. Her finst sjikt i den norske ålmenta som finn vegen ut av ubehaget ved kulturen ved å gå inn i ein høgkulturell katolisisme. Fosse passar godt inn her då han berrlegg eit tydeleg ubehag ved triviallitteratur og trivialisering av kulturlivet i det heile. Men det vil vere feilaktig å kalle Fosse sin veg for ein lemenmarsj, for «Mysteriet i trua» går langt over hovudet på det som måtte finnast av kulturelle smågnagarar. Det er elles ei form for logikk i at ein internasjonal forfattar finn seg til rette i ei universalistisk kyrkje. For det er her på nordkalotten at katolsk tru framstår som noko eksotisk.
Så finst her sjølvsagt spørsmål Eskil Skjeldal burde ha stilt. Det gjeld til dømes filosofen Heidegger, som går som ein gjengangar gjennom samtalen, men utan at den same filosofens antisemittisme blir utfordra. Og når Fosse siterer pave Frans om at synd handlar om «å ikkje følgja samvitet sitt», viser han for alle kor vanskeleg det må vere å vekse opp med «feil» legning i eit samfunn der til dømes homofili er synd og skam.
Då tenkjer eg - ein heterofil folkekyrkjeleg skeptikar - at det på mange vis kan vere godt å stå utanfor mysteriet i trua. Fosse skal vere salig i si tru. Det som gjer han viktig er at han er stor i sin kunst.