Over kulturen vår kviler det eit forbod mot det å utsetje sin eigen kropp for det vonde. Korleis råkar smerta, dersom ho er lausriven ifrå sjukdom, vald og fare? Ei veldig kraft, som ikkje slår ned i kroppen, men bur i oss sjølv og bryt ut?
I «Slipp. Hold», Heidi Sævareids andre roman, følgjer vi Mari, som er 18 år, går siste året på vidaregåande og bur i eit kollektiv i Oslo. Ho har ei bestevenninne, som ho kan snakke med om alt, og ein kjærast, men han tør ho ikkje vere ærleg med. Inn i kollektivet flyttar så ein ny person, Oliver. Han er nokre år eldre enn Mari, og står fram for henne som ganske alternativ. Han har tatoveringar, et ikkje kjøt og drikk ikkje alkohol.
Gjennom Oliver blir Mari introdusert for ei ny gruppe menneske, som siste søndag kvar månad møtest for å hengje etter krokar stukke gjennom huda — i ryggskinnet, i knea og i brystet. Metoden gir ei sterk sansing av det verkelege, men også meditativ ro. Kroppen blir halden fast i ein ekstrem tilstand, medan tankane mistar overtaket og må gi slepp. I etterkant kan ein oppleve meistringskjensle, men også vonbrot.
Dramaturgisk er romanen bygd opp rundt vår forventing og tvil om kor vidt også Mari vil sveve slik.
Under dei to seansane med såkalla «suspension» som finn stad i romanen, gir Sævareid detaljert presentasjon av menneska som er til stades, kva reglar som gjeld, utstyret som blir nytta, positurane dei hengande inntek og kva svært ulike reaksjonar på spenning og smerte dei har. Skildringane skapar inntrykk av direkte observasjon, og språket gir ei nærmast sakleg framstilling. Likevel opplever eg desse delane som svært intense.
Det er eit fascinerande innblikk, men det er også noko ved stemninga som uroar meg. Sjølv om «suspension» er trygt, og sjølv om deltakarane er støttande og kjærlege, ser ingen ut til å reagere på Mari sin unge alder. For meg er dette svært utfordrande å ta omsyn til. Er «suspension» verkeleg eit godt svar på den rastløysa og uvissa som Mari ber på?
Mogelegheitene som Mari blir stilt overfor, minner om kor langt den kroppslege integriteten strekkjer seg, kva ein fritt kan utsetje seg sjølv for og om viljen er der. Motivasjonen til Mari står derimot open. Ho forelskar seg i ein som utøver «suspension», men verkar meir uroa for å miste sjansen til å hengje sjølv, enn å miste han. Ho observerer fellesskapen i miljøet, men for Mari ber dragnaden mot smerta preg av noko meir individuelt.
Eg kunne ønskje Sævareid med romanen gjorde meg i betre stand til å forstå denne trongen. Samstundes er dette på ingen måte hennar plikt som forfattar, og Mari er heller ikkje eit døme på kva som er rett eller gale. Ho gjer berre som ho vil. Det er ikkje tanken på konsekvensane som hindrar henne, kanskje er der ingen?
Mari er uransakeleg. Denne kvaliteten ville kome betre til sin rett om karakterane som omgir henne var like nyanserte.