Historia til dei andre

Globalhistografi.jpg

«Alt som finst i Afrika , er historieskrivinga til europearane. Resten er mørke, og mørke er ikkje eit emne for historisk utforsking,» sa den engelske historikaren Hugh Trevor-Roper i 1963. Han kunne neppe ha sagt det ti år seinare, i alle fall ikkje utan at det hadde ført til kraftige reaksjonar. Oppgjeret med eurosentrismen i historiefaget var i full gang, både som følgje av sekstiåttaropprøret og radikaliseringa i dei akademiske miljøa i Vesten, men også fordi historikarar i den tredje verda var blitt meir sjølvbevisste og ønskte å skriva historie som ikkje var sett gjennom brillene til dei gamle kolonimaktene.

Sidan då har globalhistorie vore eit plussord. Og som ambisjon er det lett å slutta seg til at i ei globalisert verd bør heller ikkje historieskrivinga rammast inn av landegrenser.

I praksis er det lettare sagt enn gjort. Den nasjonale nissen følgjer med på lasset. «Globalhistorie er, når alt kjem til alt, ei vestleg oppfinning som trass i alle forsøk på å distansere seg frå det eurosentriske gjennom transnasjonale rammer endar som ei historie der Europa og Vesten står i sentrum,» skriv professor Leidulf Melve i sluttkapittelet i boka «Global historiografi».

Melve konstaterer at verken i India, Latin-Amerika eller den islamske verda har globalhistoria fått fotfeste, og konkluderer med at det er «lite som tilseier at nasjonal historieskriving ikkje vil halde fram med å dominere også i den nære framtida.»

Det er då også lett å forstå at det blir slik. I mange land vil dei svara på same måten som norske historikarar som blir kritiserte for å vera for nasjonalt nærsynte: Om ikkje me tek oss av vår eiga historie, er det ingen andre som gjer det for oss.

Leidulf Melve gjer likevel eit imponerande forsøk på å utvida perspektivet vårt i tid og rom. «Global historieskriving» gir eit oversyn over historieskrivinga frå dei eldste tidene og fram til i dag, med vekt på dei ikkje-europeiske tradisjonane: Midtausten, India, Kina, Japan, Afrika og Latin-Amerika. Melve samanliknar systematisk tradisjonane for kvar tidsepoke.

Sjølv om utviklinga går i utakt frå region til region, synest det å vera eit mønster. Historieskrivinga er til å byrja med krønikeskriving, nedteikning av hendingar, ofte med føremål å legitimera makta til ein herskar eller eit dynasti. Etter kvart kjem ei meir kritisk-analytisk tilnærming inn, med arabaren Ibn Khaldoun (1332— 1406) som ein av dei tidlegaste representantane.

Frå cirka år 1500 blir folket, eller nasjonen, det viktigaste objektet for historikarane, samtidig som historieskrivinga blir meir mangslungen og vitskapleg. Institusjonar blir grunnlagt, og kontakten mellom land og kontinent aukar.

«Global historiografi» er eit lærd verk, med ei enorm kjelde- og litteraturliste. Det er krevjande, også for historisk skulerte lesarar, og vil nok ha sin største verdi som fagleg innfallsport og oppslagsverk for den som vil fordjupa seg i ikkje-vestleg historie. I så måte har Leidulf Melve gjort eit banebrytande arbeid.