Torgny Lindgren, medlem av Svenska Akademien og prislønt mange gonger, fortel i sin nyaste roman om ein under middels suksessrik kunstmålar, Klingsor frå Västerbotten.
I utgangspunktet kan ein tvile på om livssoga til denne Klingsor inneheld nok materiale til at det kan bli ein god roman. Som kunstnar har Klingsor ei miserabel merittliste å vise til: Han har halde éi einaste utstilling i det saneringsklare skulehuset i heimtraktene.
Heller ikkje for romanens vi-personar, som ønskjer å skrive boka om han, og no ettergår kunstnarens liv og verk, er oppgåva enkel: Dei skriftlege kjeldene, dei biografiske avtrykka og verka etter kunstnaren er sparsame. Klingsor var heller ingen medviten myteskapar. Kven vi-personane er, opplyser ikkje romanen tydeleg om, anna enn at dei er knytt til Västerbotten og har eit visst kjennskap til Klingsor. Hovudverka til malaren består av oljemåleri av dei aller næraste kvardagstinga, mugger, glas, jerngryter og andre kjøkkenreiskapar. Og særleg kjøkenglaset han som ung oppdagar ståande på ein skeivsaga stubbe i skogen, utgjer ei kunstnarleg openberring som tvingar han til å teikne.
Ifølgje Klingsor har glaset utlikna det skeive underlaget og retta seg opp heilt av seg sjølv. Denne nøkkelerfaringa dannar utgangspunkt for eit kunstnarskap bygd rundt ein einaste idé: At materien lever, og at det gjeld om å få materien til å vibrere av liv i bileta.
Ein kan saktens spørje seg om haldninga til Klingsor er utslag av galskap og regulært trongsyn, eller av ein djup kunstnarleg konsekvens. Og i dette tvidelte ironiens grep blir lesaren halden, utan at romanteksten fell ned på ein endeleg konklusjon. Målaren kan verke grotesk likegyldig andsynes livets gjennomgripande hendingar. Ikkje kjem han i gravferda til systera eller foreldra. Årsaka er at døden ikkje finst for han, sidan materien er full av liv.
Namnet Klingsor har heimstamn også i kunsten, kjend som figur i ein Wagner-opera og frå Hermann Hesses «Klingsors siste sommar». Men Klingsor hevdar det kjem frå ein Nilsson som kjempa mot Napoleon, og snubla over namnet på ei gravstøtte: «Og ettersom eieren var død og begravet tenkte jeg at jeg kunne ta hånd om det.«
Maten er elles ein viktig ingrediens i romanen. Målaren har arva ei besynderleg oppskrift på nærande mat, der element beståande av flesk, innvolar, ja kva som helst, putrar og kokar konstant over varmen.
Ein kan lure på om den sydande matretten er sjølve den levande materien Klingsor jaktar på, og om dei sundkokte innvolane er ein parallell til fargane kunstnaren føretrekkjer å bruke: caput mortuum og venetiansk raudt. Fargane var slaggstoff etter alkymistanes freistnadar på å lage gull.
Den underfundige stilen kombinert med Lindgrens suverene forteljeteknikk lyftar eit slikt stoff til fornøyelege, men også ettertenksame høgder. Sjølv om ironien gjer at dette kunstnarlivet balanserer mellom tragedien og komedien, er det skrive med omtanke. Romanprosaen er knitrande frisk, endå om det kjem frå ein forfattar som har skrive stor kunst i vel 50 år, og som med memoarboka «Minnen» (2010) erklærte at dét var siste boka.
Heldigvis blei det ikkje slik.