Massivt om Midtausten

HISTORIER: Odd Karsten Tveit vever sammen to historier i «Salongen i Jerusalem.

Odd Karsten Tveit vev saman to historier i si siste bok.

For det første fortel han soga om American Colony i Jerusalem. I dag er det eit hotell, men det vart grunnlagt av Anna Spafford i 1881 som heim for ei religiøs sekt, eit kall Anna fekk etter å ha mista dei fire barna sine i eit skipsforlis.

American Colony engasjerte seg etter kvart i eit omfattande humanitært arbeid i Palestina, og forsøkte å halda seg nøytral i dei framveksande konfliktane mellom jødar, kristne og muslimar. American Colony – «Salongen» – vart også frekventert av representantar for stormaktene med interesser i regionen: britar, tyrkarar, franskmenn, tyskarar, amerikanarar.

Parallelt skildrar Tveit det historiske bakteppet for dagens konflikt i Midtausten, frå dei første jødiske sionistane etablerte seg i Palestina til grunnlegginga av staten Israel.

Det er ei historie med få heltar, slik Tveit framstiller ho. Jødiske og arabiske leiarar er kompromisslause og kyniske, dei britiske koloniherrane forvirra og falske.

Til slutt, etter at Hitlers Holocaust har skapt høgst forståeleg sympati for jødane sine lidingar, gjer dei vestlege maktene opp for sitt eige dårlege samvit ved å la det andre folket i Palestina betala prisen.

Tveit har fortalt store delar av desse historiene før. I «Annas hus» (2000) skriv han om Anna Spafford, som emigrerte frå Stavanger til USA som fireåring, og som fekk eit så dramatisk liv.

Og dei mange framifrå bøkene hans om Midtausten-konflikten har både fått prisar og blitt omdiskuterte.

Forteljarteknisk er grepet med dei to samanvovne skildringane berre delvis vellykka. Av og til spelar American Colony utan tvil ei sentral historisk rolle, andre gonger kan det verka meir anstrengt å trekkja inn kolonien.

Tveit lar seg også freista av sine store kunnskapar og sitt omfattande kjeldemateriale til å operera med eit formidabelt, men noko flimrande persongalleri. Forfattaren skriv med engasjement, men for lesaren kan det bli vanskeleg å halda tråden.