Av og til dukkar det opp ein boksuksess der ein minst ventar det. Livet på ein sauegard i Lake District er blitt utgangspunkt for ei kultbok, både i Storbritannia og etter kvart også i andre land. I tillegg har forfattaren, 42 år gamle James Rebanks, oppretta ein twitterkonto – @herdyshepherd1 – som etter kvart har fått rundt 80.000 følgjarar.
Kva er så dette uttrykk for? I seg sjølv er ikkje «Sauebondens liv» – godt og presist omsett av Hege Mehren – spesielt dramatisk eller spennande. Med unntak av ein far som kjempar mot kreften, er det skildringa av dei kvardagslege gjeremåla og livet i bygdagjennom året som står i sentrum. Det er fortalt med refleksjon, innsikt og solidaritet, men utan påtrengjande romantisering.
Ein sauebonde frå Bjerkreim, Voss eller andre stader på Vestlandet vil lett kjenna seg igjen i arbeidet og livsforma. Fleire av dialektorda Rebanks bruker, som heft (hevd, tradisjon), fell (fjell) og ghyll (gjel, kløft) vitnar då også om gammal kulturell kontakt med Skandinavia.
Men det finst forskjellar. I dagens Storbritannia er den tradisjonelle sauebonden, og lokalsamfunnet han lever i, meir marginalisert i forhold til storsamfunnet enn tilfellet – enn så lenge – er i Norge. Når James og hans jamaldringar møter det engelske skulesystemet, som med heile seg signaliserer at det skal utdanna barna til eit liv fjernt frå det dei lever, reagerer mange av dei med sabotasje og pinkfloydsk opprør: «Hele klassen lekte en lek der målet var å smadre mest mulig verdifullt skoleutstyr i løpet av en time og få det til å se ut som et uhell. Jeg var god på sånt.»
Den dagen 15-årige James sluttar skulen, med elendige papir, er den lykkelegaste i hans liv. Nå kan han jobba på garden, slik far og farfar og resten av slekta har gjort gjennom hundrevis av år.
Men James er gløgg. Og han les. Nokre år seinare hamnar han nærmast tilfeldig på eit vaksenopplæringskurs for å ta opp igjen fag. Han gjer det så godt at han kvalifiserer seg for å studera på Oxford. Her viser han seg som eit akademisk talent og blir hylla som ein arbeidarklassehelt. Likevel, James Rebanks gjer ikkje noka klassereise. Han vender tilbake til sauegarden, rett nok i kombinasjon med rådgivaroppdrag for Unesco.
Slik blir dette tilsynelatande ei historie om å gå motstraums: å velja det bufaste framfor det mobile, tradisjon framfor endring, skit og slit framfor lyse og luftige kontor, ein livsstil under press framfor ein lysande karriere i ei eller anna «framtidsnæring».
Men James Rebanks spelar kanskje også på lag med ei tidsånd som i alt jaget etter kortsiktige trendar og imagebygging også begynner å etterspørja det ekte og autentiske, og der den urbane skravleklassen til si overrasking ser at det i nabolaget finst menneske som lever eit heilt anna liv, eit liv som dei veit fint lite om.
I kjølvatnet av Brexit og Donald Trump er det mange som må dra på oppdagingsferd i sitt eige folk.
Og på sitt område er sauebonden frå Lake District ein klokare og meir veltalande vegvisar enn dei fleste.
Om James Rebanks har ein politisk bodskap, så er den lågmælt. Han legg ikkje skjul på truslane som finst, både når det gjeld økonomien i næringa, rekrutteringa, eigarskapen til areala, og verdikonfliktane mellom sauebøndene og dei nye innbyggjarane som kjem flyttande frå byane. Han innser at «om hundre år vil kanskje ingen bry seg om at jeg hadde sauer som beitet i deler av disse fjellene. De vil ikke vite hva jeg het. Men det gjør ikke noe.»
For i det livet han lever i dag, vil James Rebanks berre vera ein stolt sauebonde.