Frp – sett frå andedammen

BOKKJELDE: Avtroppande partiformann Carl I. Hagen fotografert under tale på partilandsmøtet i mai 2006.

Framstegspartiet er – kanskje ved sida av Arbeidarpartiet – det mest omskrivne politiske partiet i Norge dei siste åra. Ei rekkje bøker har forsøkt å fortelja historia om partiet og forklara Frp sin formidable suksess.

Frå innsida har framståande Frp-politikarar, med Carl I. Hagen i spissen, gitt sine versjonar i bokform. Og partiet sin først avgåtte statsråd, Robert Eriksson, er alt på bokmarknaden med memoarar.

Enno manglar me rett nok det store, uavhengige, faghistoriske verket om Frp. Men det har me heller ikkje fått med Dagblad-journalisten Gunnar Ringheims «Frp – rett frå levra», med dei tabloide undertitlane «En historie om svik, løgn og suksess» og «Det største politiske eventyret i Norge».

Ringheim fortel i forordet at han byggjer på fem hundre timars bakgrunnssamtalar og intervju med 80 nåverande og tidlegare medlemmer av partiet. Han har valt å fortelja historia om Frp «ved hjelp av stemmene til de sentrale aktørene i et parti de aller fleste trodde skulle bli ei døgnflue».

Det byrjar ganske bra. Historia om Anders Lange og hans parti, og om Carl I. Hagen og hans veg mot partitoppen, er interessant og underhaldande framstilt. Men etter kvart som ein blar seg gjennom sidene, blir mangelen på analyse, kjeldekritikk og eit samanbindande grep stadig meir irriterande.

Til slutt blir forteljarstemma heilt borte, og boka artar seg som eit serieintervju som i bolkar kunne ha fungert brukbart som avisreportasje, men som ikkje forsvarer bokformatet.

I staden for oppsummering og eigne konklusjonar avsluttar Ringheim med å intervjua åtte observatørar – samfunnsvitarar, kommentatorar og samfunnsdebattantar. Lesaren sit med kjensla av at forfattaren har gått lei av sitt eige prosjekt, og helst vil bli ferdig.

Ved å konsentrera seg om dei sentrale aktørane, lukkar boka seg inne i andedammen der toppolitikarar og politiske journalistar til dagleg plaskar. Me får vita mykje om maktkampar, personlege motsetningar, skandalar og meir eller mindre vellukka utspel. Mykje er rett nok kjent frå før, men som innblikk i spelet bak kulissane er boka til tider pirrande.

Ringheim får god hjelp av ein partikultur der det ikkje har vore tradisjon for å leggja skjul på verken sympatiar, antipatiar eller personlege ambisjonar.

Partieigaren Carl I. Hagen har her sett standard, på godt og vondt. Det er rett og slett pinleg å lesa om hans smålege oppførsel overfor partifelle Inger Marie Ytterhorn etter at ho nekta å vika plass for han i Nobelkomiteen.

Det lesaren må spørja seg om, er korleis denne samanhengande soga om personleg og politisk strid kunne bli til «det største politiske eventyret i Norge». Det prøver forfattaren altfor sjeldan å gi svar på.

Veljarane er i det heile ganske fråverande i boka, anna enn som tause statistar som blir representerte av valresultat og galluptal.

Samspelet mellom partitoppar, organisasjon og folk er ikkje det som interesserer Ringheim mest – heller ikkje korleis endringane i det norske samfunnet sidan partistiftinga i 1973 kan ha skapt vekstvilkår for eit parti som Frp.

Typisk nok manglar bøker som «Frp-koden» av Magnus Marsdal og «Høyrepopulismens hemmeligheter» av Ketil Raknes på litteraturlista hans.

Utan å forlanga at Ringheim skulle ha skrive ei heilt anna bok enn det han har, må det vera lov å peika på at tilnærminga hans gjer det vanskeleg å gi ei god forklaring på kvifor Frp er blitt den viktigaste nykomaren på den norske politiske arenaen sidan krigen.

I rettferds namn må det til slutt seiast at Gunnar Ringheim skriv lett og godt, at eg sette mange utropsteikn i margen under lesinga, og at boka blir avslutta med ein nyttig faktadel.