Robert Eriksson er ein Frp-politikar i tradisjonen etter John Alvheim. Det er meint som ein kompliment. Framstegspartiet har vist seg frå si beste og nødvendigaste side som ombod for menneske som har blitt urettferdig behandla. Som Alvheim er den tidlegare arbeids- og sosialministeren frå Verdal ei utolmodig sjel som ikkje er redd for å ta parti med styrke når han ser noko som han meiner er skeivt og skakt. «Bare gjør det» er mottoet hans, som har gitt memoarboka tittel. For ein slik person måtte møtet med eit byråkrati som tenkjer system, prinsipp og presedens, bli problematisk. Det same gjeld Finansdepartementet og sentrale politikarar som skal sjå dei store linjene og halda styr på økonomien. Eriksson legg ikkje skjul på at han mange gonger var frustrert og følte seg motarbeidd – ikkje minst av embetsverket i sitt eige departement, men også av regjeringskollegaer. Likevel jublar han også over triumfane sine, som då pensjonsavkortinga for ektepar vart redusert frå 15 til 10 prosent: «Det er slike øyeblikk som gjør politikk til et opium for meg.»
Robert Eriksson er ingen ideolog, anna enn på eit svært generelt plan. Politikk handlar for han om menneske, men også om mennesket Robert Eriksson. Han er raus med både negative og positive personkarakteristikkar. Det skal han ikkje kritiserast for, det finst nok av dei som berre glattar over konfliktane i politikken. Men eg sit med inntrykk av at det avgjerande ofte er korleis dei har oppført seg mot Eriksson personleg. Han er ikkje spesielt god til å skilja sak og person, og me anar eit aldri så lite kompleks mellom linjene. Lett var det nok heller ikkje å koma som første Frp-statsråd på eit saksfelt som venstresida alltid har hatt sterkast eigarskap til.
Politikk handlar for han om menneske, men også om mennesket Robert Eriksson.
Eriksson hevdar at han ikkje er «sur og bitter» fordi han måtte gå som statsråd under ommøbleringa av regjeringa i fjor haust. Det står ikkje til truande. Ingen som les boka, kan vera i tvil om at Robert Eriksson meiner at han vart urettferdig behandla, «halden for narr» og «kasta på dør», som han sjølv skriv. At det kan finnast gode politiske grunnar til at han måtte ofrast, som at Frp skulle få ansvaret for innvandringspolitikken og at trønderen Per Sandberg skulle inn, slår han seg ikkje til ro med.
Men politikken er ikkje alltid rettferdig, og å sjå seg sjølv frå distanse er kanskje ikkje Erikssons sterkaste side. Det er unekteleg litt komisk når ein politikar som sjølv ivrig har kasta seg over populære enkeltsaker, klagar over at media manglar evne til «å diskutere problemstillinger ut fra et større perspektiv». Den mest pikante delen av boka, om forholdet til den politiske rådgivaren Ulrikke Holmøy, viser også at Eriksson burde ha plassert klarare varsellampar ved sida av «bare gjør det»-skiltet. Sjølv om han skulle ha rett i at dei to vart eit par først etter at Eriksson hadde gått av, måtte han forstå at det ville vekkja oppsikt og motvilje då han delegerte stadig nye oppgåver til ein rådgivar alle kunne sjå at han stod på svært fortruleg fot med.
Robert Eriksson skriv godt. Boka viser ein politikar med høg temperatur og sterkt engasjement, og han utleverer seg sjølv på godt og vondt. Politisk er innhaldet mindre spennande, med unntak av at han vil avvikla kontantstøtta og meiner Siv Jensen bør overlata Finansdepartementet til Ketil Solvik-Olsen for å få meir tid til partiet. I staden for analyse og refleksjon blir det mykje standard Frp-retorikk med utfall mot «mikropartia» Venstre og KrF og «tåkefyrsten» Jonas Gahr Støre. Det treng me ikkje bøker til.