Sett med internasjonale auge er dette allereie årets mest omtalte norske utgjeving. Terje Olsen frå Mjøndalen, alias Todd Terje, er mannen bak sveitte, strobelysande dansegolvhits dei siste par åra som «Ragysh», «Strandbar» og framfor alt «Inspector Norse». Todd Terje er norsk elektronika sin største vareeksport, eit namn heile klubbkulturen nikkar anerkjennande til.
Dei som derimot ventar seg ei gjennomgåande dansbar plate frå Todd Terje vil kanskje bli skuffa. Hovudpersonen sjølv er nemleg gått lei klubbmusikk. «It´s Album Time» er mindre sentrert kring firefjerdedelstakt — den gjengse rytmestrukturen i dansemusikk - og slektar meir på space disco-entreprenør Hans Peter-Lindstrøms «Where You Go I Go Too»-plate fra 2008, som med sine lange, dronete synthakkordar tok oss ut i universet og der viste samanvevinga av fortid, notid og framtid.
Når det er sagt har albumet også dei potente DJ-verktøya på plass i form av pianohousen i nemnde «Strandbar» eller den spretne semi-modulerte synthen i «Inspector Norse». Desse er spreidd inn i miksen, som dansestøv i det eklektiske lydbiletet. Utover dette er albumet relativt nedpå, anten det er flørten med lounge-musikk innleiingsvis i «Leisure Suit Preben» eller neste låt «Preben Goes To Acapulco», der sexy bassføring og leiken synthesizer flettar seg saman med baleariske trommer og dub. Den basstunge tropicana-jingelen «Svensk Sås» markerer overgangen til neste albumkapittel.
Som du kanskje allereie har merka deg, er Todd Terje ein mann som ikkje tar seg sjølv så høgtideleg. Dei idiotiske låttitlane - for ikkje å snakke om namnet på plata - føyer seg sånn sett inn i ein etter kvart stolt norsk diskotradisjon der humor og alvor går hand i hand. Slik eltast det høge og det låge saman. Det sofistikerte uttrykket blir detronisert medan hedonismen blir opphøgd. For Todd Terje skal dansemusikk først og fremst vere gøy.
Det er ingen svake spor på dette albumet, som kan bli ståande som eit testament over Todd Terje sin lydfetisj og teft for gode melodiar. Plata manglar derimot ei heil kjensle, den raude tråden som skal nøste saman eit produkt til noko meir enn berre gode låtar. Ved fleire gjennomlyttingar manifesterer denne i overkant fragmentariske tilnærminga seg - og eg saknar eit meir heilskapleg lydbilete. Tolkinga av Robert Palmers «Johnny and Mary», med Roxy Music-legenda Bryan Ferry på vokal, er for eksempel nydeleg. Men når vi går frå 62 BPM rolig, synthpop til den langt meir intense «Alfonso Muskedunder», blir vi liksom kasta ut av bane.
Misforstå meg rett: Dette er eigentleg mitt einaste ankepunkt mot denne plata. Og sistnemnde låt er eit fyrverkeri av entusiastisk perkusjon i broken beat-landskapet, med Burt Bacharach-aktige vokalharmoniar. Den er kanskje min favoritt på albumet.
Mot slutten hoppar vi inn i den maskinelle «It´s the Arp»-sounden med «Swing Star part 1« og «Swing Star part 2». Giorgio Moroder-pastisjen «Oh Joy» bygger seg sakte opp til eit klimatisk høgdepunkt. Og så kjem «Inspector Norse» - låten heile verda, bortsett frå P3s musikksjef Mats Borch Bugge, dansar til.