I lys av Sivert Høyems utblåsing mot norsk indierock, og dertil forsvar av rocken som ein «reinare og ærlegare kunstform», skal eg prøve å ikkje gå i generasjonsfella og utbrodere om alt som var betre før når Skrillex her albumdebuterer.
For dei (eldre) som måtte lure: Skrillex er ikkje eit oppvaskmiddel, men artistnamnet til den 26 år gamle dj-en og produsenten Sonny John Moore frå Los Angeles. Med sitt underlege og sjangerblandande vesen — litt goth, litt rave, litt emo, litt metal - er amerikanaren både elska og hata.
Skrillex er lydsporet til opprørske tenåringar - bråkete, nyskapande samtidsmusikk som er dømd til å terge foreldre, men også dansemusikktradisjonalistane. Sidan debut EP-en «My Name Is Skrillex» i 2010, har han vore med å gjere laptopmusikaren til stadionartist - og rockestjerne, om enn ikkje i Høyems forstand.
Skrillex speler for utselde arenaer, har hanka inn eit utal Grammy-prisar og gjer remissar for dei største popstjernene. Det er sånn sett ikkje heilt uventa at Skrillex «tar ein Beyonce» og kjem med eit uforventa plateslepp. «Recess», hans første fullengder, er eit godt bilete på kva som både appellerer og vekkjer avsky ved dunk-dunk-artisten. La oss ta det første først. Skrillex sitt kanskje fremste varemerke, er den skamlause humoren i lydbiletet. På plata høyrer vi gjennomgåande eit cheesy vokalsample (les: flaue tekstar) - messande repetert - etterfølgt av høgt tempo og taktskifte, før Skrillex sitt viktigaste verktøy kjem inn - eit såkalla drop - ein pumpande bass med vrengde lydar som får anlegget til å skrike.
Det er ein formelbasert oppskrift som fansen vil juble til. Samtidig vil albumet i like stor grad skvise ut dei som ikkje kan fordra musikken.
Dei ekstreme lydane er nemleg dømd til å skape ei musikalsk generasjonskløft - ein klassifiseringskamp mellom «det gode» og «det dårlege». Om kva dansemusikk skal vere. Der franske Justice brukte den komprimerte lag-på-lag lyden med eit anerkjennande nikk til house-røtene, har Skrillex få, om nokon, tilbakeskodande referansar til musikkhistoria.
På sitt beste evnar Skrillex å skape sjølvsikre låtar med ein viss musikalitet i seg. Tittelsporet eller «Stranger» tar interessante vendingar i sin drop-baserte tilnærming. På sitt verste - «Try it Out, «Ragga Bomb» eller «Dirty Vibe» - framkallar låtane intens hovudverk. Lag-på-lag-lyden blir masande og stressande, som ein junkie på speed. Men kanskje enno verre: det blir berre lydkollasjar framfor fullende låtar. «Coast is Clear» sin seige og jazza produksjon, med Chance the Rapper på vokal, viser likevel Skrillex frå ei ny side. Og sett vekk frå den kleine teksten, lyd det ikkje så verst.
Den sterkaste WTF-augneblinken kjem mot slutten, på ei tolking av svenske Niki and The Dove sin «DJ Ease My Mind». Skrillex gjer det motsette av tittelen si formaning, når han tar oss med langt ut i den austlege og syretunge trance-periferien. Pseudoemosjonelle «Fire Away» avsluttar det heile, meir i dupstep-land, men gjer ingenting for å endre inntrykket av plata - som ei splittande affære.