Høyrt det før?

NY EP: Anmeldaren trur ikkje på Tone når ho syng «I don’t need to make the headlines». ARKIVFOTO: RUNE MEYER BERENTSEN

I eitt av utspela som følgde «nakensjokket» kring Tone Damlis musikkvideo for låta «Look Back», sa sogningen noko slikt som at å konkurrera mot internasjonale popstjerner utan å kle av seg, vert som å senda RBK på bana mot Barcelona iført lakksko. Problemet, vil nokre kanskje hevda, er at kvalitetsskilnaden mellom dei to laga ikkje fyrst og fremst er knytt til skotyget. Ikkje for å skriva ut ein blank sjekk til dagens internasjonale popstjerner, men det er ei ganske stram pakke av personlege særdrag, dyktige PR-apparat og — tru det eller ei - sterkt låtmateriale som skal til for å slå seg opp i akkurat dette segmentet.Og for å koma seg dit, er ikkje emulering av etablerte popkonvensjonar - det vera seg når det gjeld bekledning eller musikalske grep - nødvendigvis nok. Men for all del, eg forstår at det er naturleg å forsøka. Tone Damlis nye EP «Heartkill» er også ein samling heilt… greie poplåtar, som følgjer oppskrifta utan å visa særleg vilje til å bidra med nye smakar.

Det opnar med tittelsporet, som forsøker seg på ein viss elektropop-snert - utan at eg heilt kjenner behovet for å svinga meg på stovegolvet. Powerballada «Winner of a Losing Game» følgjer opp med rikelege mengder overprodusert patos, medan «Perfect World» står fram som ein midt-på-listene-hit av ei polert amerikansk tenåringsstjerne, ispedd nokre Britney Spears-anno-«Femme Fatale»-effektar. «Smash», som kom ut som singel allereie i desember 2012, har ein ok, om enn litt barnsleg hook. Som avslutningslåt kjem «Hello Goodbye», fjorårets Melodifestival-duett med svenske Erik Segerstedt. Det er ufarleg, søtladen gitarpop à la The Lumineers (og tallause andre) – og etterlet seg eit lite sterkt inntrykk som den skildringa skulle tilseia.

På den positive sida kan det noterast at «Heartkill» kjem ut som ein EP, med total spelelengde på eit drygt kvarter, heller enn eit fullengdes album. Låtane balanserar mellom det svakt irriterande og det heilt streite, og hadde ikkje hadde hatt særleg godt av å vore omgitt av fyllmateriale av (endå) slappare kvalitet.

«If it’s not broken, don’t fix it,» formanar eit engelskspråkleg munnhell. Diverre kan ikkje Tone Damli visa til den typen musikalsk suksess som ikkje tilseier at det er nødvendig å ta nokre grep - med ørlite grann meir særpreg og genuint fengjande låtar som siktemål. At Tone Damli ikkje maktar å følgja opp kjendisstatusen med meir substansiell musikalsk suksess og/eller kvalitet, er ein kritikk som allereie er fleire år gamal. Og det er verkeleg synd at ikkje «Heartkill» tilsynelatande gjer meir for å stagga kritikarane. For gudane veit at det på noverande tidspunkt er vanskeleg å halda sarkasmen i sjakk når Damli syng «We can’t just live off the sex appeal» og «I don’t need to make the headlines.»

Kva synast du om albumet?
tone.jpg