Englar og demonar

Det var ikkje berre Beyoncé som kom med eit overraskande album på tampen av fjoråret. Det 22 år gamle raptalentet Angela Haze bestemde seg like godt for å gå bak ryggen til sitt eige plateselskap for å framskunda lanseringa av hennar debutalbum «Dirty Gold», som ho meinte hadde blitt utsatt lenge nok. Etter litt fram og tilbake er no den offisielle utgjevinga her — eit album som viser fram Haze sitt udiskutable talent som rappar, men som slit med å finna forma på produksjonssida.

Opningssporet «Sing About Me» er talande for store delar av «Dirty Gold»: Det starter med ein pratesekvens, hoppar over i eit hektisk EDM-riff, gjev ein smakebit på ein melodisk hook, før Angel Haze spyttar laus. Amerikanaren vert sett på som ei av dei teknisk dyktigaste unge rapparane som har klatra fram den siste tida, og ingen kan heller skulda ho for å halda tilbake på «Dirty Gold». Det er ein hard, råskoren flyt i linjene hennar, med ein undertone som gjerne ligg i grenselandet mellom aggressiv og lettare manisk. På albumets mest gripande spor, «Black Synagogue», står ho fram som arving av Kanye West - berre med betre diksjon.

Eit par faktorar drar likevel ned heilskapen. For det fyrste bikkar Hazes tekstar for ofte mot klisjefylde motivasjonstalar. For det andre vinglar albumet for mykje mellom ulike sjangrar. Mark Dravs og resten av produsentlaget har tydelegvis ynskja å auka den almenne apellen ved å fletta dansegolv-synthar og svulstige poprefreng så snart sjansen byr seg - ein strategi som for alt eg veit kjem til å fungera utmerka. Ein kjem likevel ikkje utanom at den musikalske effekten verken er fugl eller fisk, og det er lett å ynskja at Angel Haze hadde fått gjort eit meir reindyrka rapalbum enn det som har vorte tilfelle.

angel haze_dirty gold.jpg